Status vaksinering

Status vaksinering

Oppdatering av status for vaksinering skjer i slutten av kvar veke. 

Aukra kommune har starta å kalle inn gruppe 9 for vaksinering.

I tillegg til eigne lister over innbyggarar, har kommunen også fått liste frå fastlegar i nabokommunane. Systemet er ikkje vasstett, så vi ber om at du tek kontakt med koronakontakten på telefonnummer 906 92 558 dersom du meiner du har ein av dei underliggjande sjukdommane/tilstandane som er gitt av FHI og ikkje har blitt kontakta. Dette gjeld alle i alderen 18-64 år. 

Status vaksinering for veke 24

Denne veka er 160 personar vaksinerte. I boksen nedanfor finn du oversikt over vaksinerte prioriteringsgrupper.

Kommunen er ferdig med å vaksinere prioriteringsgruppe 1 og 2. 

Det går ca. 12 veker mellom første og andre dose. 

Kva vaksine nyttar kommunen?

Aukra kommune vaksinerer med mRNA vaksinen frå Pfizer/BioNTech. 

Kan eg bestille time for vaksinering?

Det er ikkje mogeleg å bestille time for vaksinering. Du vil bli oppringt frå tlf.nr. 906 92 558 for reservasjon av time. 

Status vaksinering
 

 

Folkehelseinstituttet har definert kriterie for kva sjukdommar og tilstandar som er prioritert. Kommunen kan ikkje gå utanom desse kriteria. Kommunen har oversikt over innbyggjarar som er i risikogruppa. Desse vil bli kontakta.

Oversikt over underliggjande sjukdomar eller tilstander

Kontaktinformasjon

Koronatelefon
Mobil 906 92 558