Tilskot til utgreiing og prosjektering

Tilskot til utgreiing og prosjektering

Kva er tilskot til utgreiing og prosjektering?

Tilskot til utgreiing og prosjektering bidreg til å:

  • Finne gode og varige løysingar tilpassa den enkelte sine behov ved nedsett funksjonsevne
  • Finne gode løysingar til nøkterne kostnader
  • Auke tilgjengelegheita i bustadmassen

Kven kan få tilskot?

  • Husstandar der enkeltpersonar har behov for tilpassa bustad
  • Eldre som treng å tilpasse bustaden for å kunne bli buande heime ved eit framtidig behov for tilpassa bustad

Kva kan du få tilskot til?

Du kan få tilskot til utgreiing til å kartleggje følgjande forhold:

  • Mogelegheit og avgrensingar i eksisterande bustad
  • Uteområde og tilkomst
  • Tilgjengelegheit inne
  • Arealbehov
  • Innreiing og fungerande tilstand
  • Om brukar har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen

Tilskot til prosjektering kan vere til dekning av kostnader til fagleg bistand til prosjektering, det vil si honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.

Kor mykje kan du få?

Det er opp til kommunen å vurdere om tilskot skal givast og kor stor utmålinga av tilskotet skal vere.

  • Tilskota kan vere økonomisk behovsprøvd
  • Tilskot til utgreiing og eventuelt prosjektering bør sjåast i samanheng med tilskot til tilpassing

Korleis søkje om tilskot til utgreiing og prosjektering?

Vedlegg som du må levere saman med søknaden

  • Utskrift for alle konti i husstanden (gjeld ikkje konti til barn under 18 år)
  • Kostnadsoverslag
  • Helseattest, dersom du søkjer om tilskot grunna sosiale eller helsemessige utfordringar

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknaden innan tre veker etter at du har levert søknaden med alle vedlegg.

Klage på vedtak om tilskot til utgreiing og prosjektering

Du kan klage på vedtaket om tilskot til utgreiing og prosjektering.

Regelverk

Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 948 26 442
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30

Adresse

Aukra kommunehus
Nyjordvegen 12
6480 Aukra