Tilskot til tilpassing

Tilskot til tilpassing

Kva er tilskot til tilpassing?

Tilskotsordninga skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad, no eller i framtida, får gjort nødvendige tilpassingar slik at dei fortsatt kan bu heime ved nedsett funksjonsevne.

Kven kan få tilskot?

Tilskot kan bli gjeve til personar med nedsett funksjonsevne og til eldre som ønskjer å tilpasse bustaden sin, slik at dei fortsatt kan bu heime ved framtidig nedsett funksjonsevne.

Både personar som eig eigen bustad og personar som leiger bustad kan få tilskot. Dersom kommunen innvilgar tilskot til personar i leigd bustad, må utleigar godkjenne tiltaka som gjeld tilpassinga.

Startlån kan òg bli gjeve til finansiering av tilpassing av bustad.

Kva kan du få tilskot til?

Du kan få tilskot til tilpassing til alt frå enkle tiltak til større ombyggingar, for eksempel:

  • Utvendig terrengarbeid for å betre tilgjengelegheita
  • Påbygging/ombygging av bustad for å få alle nødvendige rom på eitt plan
  • Utviding av døropningar/rom/korridorar og byte av dører, inkludert branndører
  • Fjerning av tersklar og terskelplater
  • Installering av eller tilrettelegging for velferdsteknologi som får bustaden til å fungere betre og førebyggje behov for tenester eller innlegging i institusjon
  • Anna arbeid som er nødvendig for at personar med nedsett funksjonsevne kan fortsetje å bu heime

Kor mykje kan du få?

Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om det skal gjevast tilskot og kor stor tilskotsutmålinga skal vere. Tilskotet er avhengig av tilgjengelege midlar i kommunen, samt ei heilskapleg vurdering av behovet hos søkjaren.

  • Tilskot på inntil 40 000 kroner kan gjevast utan sikkerheit. Utover 40 000 kroner krev Aukra kommune pant i bustaden for eventuelt krav om tilbakebetaling, sjå også punkt om tilbakebetaling.
  • Tilskotet kan vere økonomisk behovsprøvd

Utbetaling

Tilskotet kan utbetalast i takt med framdrift av arbeidet, eller samla når

  • Bustaden er overteke, eller
  • Prosjektet er ferdigstilt, eller
  • Tilpassinga er gjennomført, og
  • Tilfredsstillande sikkerheit er etablert, og
  • Søkjar har dokumentert at kostnadene er påkomne og fakturert

Krav om tilbakebetaling

Tilskot kan krevjast tilbakebetalt, heilt eller delvis, dersom føresetnadene for tildelinga ikkje vert overheldt.

Blir bustaden overdrege til ny eigar i avskrivningsperioden til tilskotet, vil attståande tilskot bli kravd tilbakebetalt, eventuelt gjort om til rente- og avdragspliktig lån. I særlege tilfelle, for eksempel ved sal av bustad som fører til tap, kan ein gå frå kravet om tilbakebetaling av tilskotet.

Korleis søkje om tilskot til utgreiing og prosjektering?

Vi har for tida ikkje eige søknadsskjema for tilskot til tilpassing. Du må sende oss eit brev, der du legg fram din situasjon og kvifor du har behov for tilskot til tilpassing. Legg ved dokumentasjon.

Send søknad om tilskot til tilpassing med alle vedlegg til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra.

Vedlegg som du må levere saman med søknaden

  • Kostnadsoverslag
  • Utskrift for alle konti i husstanden (gjeld ikkje konti til barn under 18 år)
  • Helseattest, dersom du søkjer om tilskot grunna sosiale eller helsemessige utfordringar
  • Godkjenning av tiltaka frå utleigar, når du søkjer om tilskot til ein bustad som du leiger

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknaden innan tre veker etter at du har levert søknaden med alle vedlegg.

Klage på vedtak om tilskot til tilpassing

Du kan klage på vedtaket om tilskot til tilpassing.

Regelverk

Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot

Kontaktinformasjon

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 948 26 442
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30

Adresse

Aukra kommunehus
Nyjordvegen 12
6480 Aukra