Omsorgsbustad med heildøgns omsorg

Omsorgsbustad med heildøgns omsorg

Kven kan søkje om omsorgsbustad med heildøgns omsorg?

Omsorgsbustadar med heildøgns omsorg er tilpassa personar med rørslehemjing. Dei er lagt til rette slik at bebuaren kan få tenester etter individuelle behov. Bustaden er bebuaren sin eigen heim.

For å vere i målgruppa for omsorgsbustad med heildøgns omsorg må du:

  • bu i Aukra kommune
  • vere heimebuande
  • vere fylt 18 år
  • først utelukke at private løysingar ikkje er muleg
  • ha sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing
  • ha nedsett evne til å utføre praktiske og personlege gjeremål i dagleglivet
  • ikkje kunne sjølv ivareta dine behov for helse, pleie og omsorg
  • ha store vanskar med å skaffe deg eigna bustad på bustadmarknaden sjølv

Omsorgsbustad med heildøgns omsorg kan og vere eit tiltak for at du kan klare deg utan institusjonsplass.

Korleis søkje om omsorgsbustad med heildøgns omsorg?

Kva kostar ein omsorgsbustad med heildøgns omsorg?

Ein omsorgsbustad med heildøgns omsorg kostar kr 8200,- i 2021. Husleigesatsar vert regulert 1. januar kvart år.

Kor finn eg omsorgsbustadane med heildøgns omsorg?

Omsorgsbustadane med heildøgns omsorgs ligg i Aukra omsorgssenter i Falkhytten.

Meir informasjon til leigetakarar og deira pårørande

Les meir om leige av omsorgsbustad

Klage på vedtak om omsorgsbustad med heildøgns omsorg

Vedtak om tildeling av omsorgsbustad med heildøgns omsorg er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Kontaktinformasjon

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester
E-post
Mobil 906 02 621
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 418 59 000