Kommunal bustad

Kommunal bustad

Kven kan søkje om kommunal bustad?

Du kan søkje om å leige kommunal bustad, dersom du:

  • ikkje klarer å skaffe deg ein eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp
  • har behov for ein bustad som er særleg tilpassa grunna alder, funksjonshemming og/eller andre årsaker

For å søkje kommunal bustad må du:

  • ha lovleg opphald i Noreg
  • ha budd i Aukra kommune dei siste to åra
  • vere eller står i fare for å bli utan eigna bustad
  • ha fylt 18 år

Det kan gjerast unntak frå krav om butid:

  • når særlege grunnar gjer kravet urimeleg
  • ved førstegongs busetting av flyktningar

Korleis søkje om kommunal bustad?

1. Finn frem desse vedlegg:

  • Siste års skattemelding
  • Bustadsattest frå Folkeregisteret
  • Dokumentasjon over alle inntekter som for eksempel løn, trygd, pensjon, barnetrygd, sosialhjelp osv.
  • Leigekontrakt og eventuell oppseiing, om du leiger bustad

2. Fyll ut søknadsskjemaet  og send det med alle vedlegg til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra. (PDF, 74 kB)

Kva skjer vidare med din søknad om kommunal bustad?

  • Vi behandlar søknaden så snart som muleg.
  • Vi vurderer om du oppfyller vilkåra for kommunal bustad. Er det fleire søkjarar enn ledige bustadar, må vi prioritere mellom søkjarar med størst behov.
  • Du får tilsendt eit skriftleg svar om du får tildelt bustad.
  • Etter at du har motteken positivt vedtak om leige av kommunal bustad, vil du få tilsendt ein husleigekontrakt.

Kva kostar ein kommunal bustad?

Husleigesatsane i Aukra kommune vert justert 1. januar kvart år.

Kommunal bustad

Leigetid for kommunale bustadar

Du kan leige ein kommunal bustad for tre år. Vil du forlenge leigeavtalen, må du søkje om det seinast tre månadar før leigekontrakten ender. Du søkjer med søknadsskjemaet "Søknad om kommunal bustad", der du kryssar av for "vidareføring av leigeavtale".

Klage på vedtak om kommunal bustad

Vedtak om tildeling av kommunal bustad er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Klage på enkeltvedtak

Kontaktinformasjon

Rita Eikebø
Bygn./renovasjon/vaktm.
E-post
Telefon 71 17 15 50
Mobil 990 90 492
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30