Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Forsterka bustader

Forsterka bustader

Kommunestyret har vedteken å byggje to bustader til vanskelegstilte i Aukra kommune, så kalla forsterka bustader. Kommunedirektøren har ansvaret for å planlegge og gjennomføre vedtaket.

Om styringsgruppa sitt arbeid

Styringsgruppa for rus og psykisk helse har fått delegert arbeidet med å utgreie, planleggje og gjennomføre tiltaket. Styringsgruppa er samansett med representantar frå ulike einingar som barnehage, skole, førebyggande arbeid og pleie og omsorg.

Ut frå mellom anna Lov om kommunale Helse- og omsorgstenester § 3-7 Bustader til vanskeligstilte har kommunane plikt til å yte helse- og omsorgstenester til personar som bur eller oppheld seg i kommunen:

  • «Kommunen skal medvirke til å skaffe boliger til personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet, herunder boliger med særskilt tilpasning og med hjelpe- og vernetiltak for den som trenger det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker»

Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 27 Midlertidig botilbud seier følgjande:

  • «Kommunen er forpliktet til å finne midlertidig botilbud for dem som ikke klarer det selv.»

Plan for psykisk helse og rus (2019-2022) vart vedteke i kommunestyret 18. juni 2019, sak 41/19. Planen viser til Nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid (2014-2020). I Helsetilsynet sin risikovurdering av tenester til personar med samtidig rusliding og psykisk liding, kom mangel på tilpassa bustad fram som eit alvorleg risikopunkt.

Samanlikna med andre kommunar over heile landet er dette òg ei utfordring i Aukra. Dette tilbodet er meint å dekke behovet til innbyggarar som allereie er busette eller har tilknyting til Aukra. Det handlar om ei lita og sårbar gruppe som til dømes kan ha behov for akutt overnatting eller behov for midlertidig bustad. Det kan være personar som står i fare for å miste bustad, personar som ikkje har bustad etter utskriving frå behandlingsinstitusjon, samt personar som ikkje har økonomiske midlar til å dekkje utgifter til bustad sjølve.

Plassering av bustadane

Styringsgruppa har hatt tett samarbeid med Eining for tekniske tenester om plassering av bustadane. Ho har mellom anna fått lagt fram ei oversikt over alternative tomter som er regulert til bustad eller offentleg føremål. Det er  ønskeleg å plassere bustadane på både fastland og øy. Styringsgruppa har òg kome fram til at det er mest funksjonelt å bygge ein akuttbustad, samt bygge om ein eksisterande omsorgsbustad.

Tilrettelagt omsorgsbustad

Kommunen planlegg å bygge om ein eksisterande omsorgsbustad. Ut frå erfaring er det ønskeleg og tilrådd å legge den til fastlandsdelen, då det er lett å kome seg til og frå aktivitet, oppfølging og behandling. Det er store variasjonar i individuelle behov som gjeld buevne og behov for oppfølging, og ein tilrettelagd omsorgsbustad vil vere eigna til dei fleste som skal nytte tilbodet.

Akuttbustad

Styringsgruppa ønsker akuttbustaden plassert på Gossen då ho tenkjer at enkelte bebuarar til tider vil trenge tettare og meir heilskapleg oppfølging frå ulike tenester.

Grunngjeving for plassering av bustadar

Styringsgruppa psykisk helse og rus har tatt utgangspunkt i aktuelle tomter i kommunen som ligg slik til at dei tilfredsstiller krav til tilgjengelegheit til offentlige tenester og transport. Det er òg teke omsyn til at tomtene er regulert til bustad/offentleg føremål. Kommunen har gjort ei fagleg vurdering med mål om å kome fram til ei plassering som vil være funksjonell med tanke på lokalmiljøet. Samtidig har vi teke omsyn til at dei som skal bu der skal være i nærleiken av offentlege tenester og servicefasilitetar. Plassering nær skole, fritidsarenaer, barnehage og andre sårbare grupper vert ikkje tilrådd. Bustaden må plasserast slik at dei som skal bu der kan være mest mogleg sjølvstendig når det gjeld å kome seg til og frå behandling, skole, aktivitet, arbeid og andre tenester.

Styringsgruppa har etter desse faglege vurderingane kome fram til at den minst inngripande plasseringa ut frå dei alternativa vi har vil være tomta ved fylkesvegen, sør for Bunnpris på Gossen.

Det vart drøfta utfordringar når det gjeld stigma og målgruppe. Vi har kome til at det er mykje som kan gjerast for å skjerme bustad og bebuar for å ivareta privatlivet. Til dømes kan utforming av tomt og skjerming for støy, inngangsparti og planting være avgjerande. Vi må sørge for at dei som bur der vert teke omsyn til når det gjeld innsyn. Personane som skal bu der kan til tider ha stort behov for skjerming grunna til dømes sosial angst.

Val av type bustad

Ein forsterka bustad toler meir enn eit vanleg hus grunna materialvalet. Den kan høve godt til personar som har ulike utfordringar med helsa, og som til tider kan ha lav buevne. Desse bustadane er tenkt som ein gjennomgangsbustad og ikkje eit permanent tilbod til enkeltpersonar. Vi viser til hovudmål 4 i Plan for psykisk helse og rus (2019-2022). Desse bustadane er utforma slik at dei tek i vare sikkerheit på ein anna måte, enn standard omsorgsbustader når det gjeld brannførebygging og støy. Dei kan til dømes innehalde spesialtilpassa inventar.