Bustønad

Bustønad

Bustønad er for personar som har låg inntekt og store buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om ordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar. I Aukra kommune er det NAV som er ansvarleg for bustønad.

Kven kan få bustønad?

På Husbanken si heimeside får du informasjon om desse tre punkt:

  • kven som kan få bustønad
  • kva krav som gjeld for bustaden
  • inntektsgrenser

Du kan og prøve bustønadkalkulatoren.

Korleis søkje om bustønad?

Du søkjer om bustønad på Husbanken si heimeside. Her finn du både informasjon om innlogging og tilgang til e-søknad og søknadsskjema på papir. Det er muleg å lagre søknaden, dersom du ikkje blir ferdig med utfylling og skal fortsette seinare.

Dersom du får innvilga bustønad, vert søknaden sin overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din automatisk overført til neste månad.

Du vil få beskjed om i tilfelle du må søkje på nytt.

Søknadsfrist for søknad om bustønad

Søknadsfrist er den 25. kvar månad.

Kor lang tid tek det?

Utbetaling skjer ca. den 20. i månaden etter at du har søkt. Du vil få eit vedtaksbrev frå Husbanken.

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Les meir om korleis du melder frå om dei forskjellige type endringar på Husbanken si heimeside.

Meir informasjon om bustønad

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken si heimeside.

Klage på vedtak om bustønad

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker etter du fekk vedtaket. Du finn meir informasjon om korleis du klager på Husbanken sitt vedtak på Husbanken si heimeside.

Regelverk for bustønad

Lovar og reglar

Kontaktinformasjon

NAV Aukra
Aukraringen 9, 6480 Aukra
Telefon 55 55 33 33

Opningstider

NAV Aukra
Tysdag kl. 10.00 - 13.00 for drop-in

NAV Aukra er open kvar dag mellom kl. 08.00 og 15.30 for dei som har avtale.