Tryggleikspakke

Tryggleikspakke

Om tryggleikspakken

Tryggleikspakken skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. 

  • Tryggleikspakke er ein installasjon som mellom anna inneheld tryggleiksalarm og brannalarm.
  • Det kan òg knytast på fleire funksjonar etter kva behov personen har, som til dømes måling av temperatur i rom eller om brukar forflyttar seg. Eit døme kan vere om brukar kjem attende i senga etter å ha vore på toalettet om natta.
  • Brukar ber på seg eit smykke som kan utløysast som ein tryggleiksalarm i akutte situasjonar.
  • Brannalarmen er knytt til Molde brann og redning.
  • Andre alarmar går til heimesjukepleie i Aukra. Heimesjukepleie kjem heim til deg ved utløyst alarm, om du ikkje svarar på telefon. Alarmen kan du nytte kun i eigen heim.
  • Tryggleikspakke brukast i eigen heim og skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg.
  • Tryggleikspakke er behovsprøvd. 

Kven kan få tilbod om tryggleikspakke?

  • Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan få tildelt tryggleikspakken. 
  • Søkjar må bu i bustad med tilgang på internett/4G.

Slik søkjer du tryggleikspakke

Kva kostar tryggleikspakke?

Oppseiing av tryggleikspakke

Ta kontakt med Aukra kommune om du ønskjer å seie opp tryggleikspakken. 

Klage på vedtak om tryggleikspakke

Kontaktinformasjon

Asgeir Stavik
Driftsleiar hjelpemiddel
E-post
Mobil 911 31 510
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 418 59 000

Adresse

Besøksadresse: 
Aukra omsorgssenter
Aukraringen 14
6480 Aukra