Her kan du få hjelpOversikt over telefon- og chattetenester som held ope for deg som treng nokon å snakke med. Tenesta for psykisk helse og rus kan bidra om du har tankar eller bekymringar som påverkar di psykiske helse. Ring oss og avtal tid for en prat måndag til fredag mellom kl 11.00-1130 Tlf 903 67 950, eller tlf 468 18 228 Vi minner om Mental Helse sin hjelpetelefon 116123 som er døgnope. Tilbod om psykolog Aukra kommune har oppretta eit psykologtilbud for barnefamilier, enten via telefon eller digitalt, for veiledning i foreldrerolla i den nye heimesituasjonen: Tilbod om psykolog Tilbod om psykolog Kommunen ser at det er mange familiar som strever meir i tida vi er inne i no. Derfor oppretter vi nå eit psykologtilbud for barnefamilier, enten via telefon eller digitalt, for veiledning i foreldrerolla i den nye heimesituasjonen. Det trengs inga henvisning. Dette er ikkje ei akutt tjeneste, men ein mulighet til å avtale samtaletid på eit tidspunkt fram i tid. For akutte behov kva gjeld barn og unge, bes det ta kontakt med BUP Akutt i Molde, fastlege 71 17 14 00 eller legevakt 116 117. Kontaktinformasjon psykolog: Marie Midtsund, psykologspesialist tlf.nr: 916 90 005 Til deg som er ung Om du slit med vonde tankar eller har eit vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med noko du stolar på. Vi har samla nokre kontaktpunkt her: Her kan du få hjelp Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller kjenner deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er uroleg for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og held døgnope i samband med korona-situasjonen. Meir informasjon om alarmtelefonen for barn og unge finn du på nettstaden deira, www.116111.no BaRsnakk Eit chattetilbod til deg med foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open frå måndag til onsdag frå 17.00-20.00 og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet blir drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukarar. Gå inn på nettstaden til www.barnavrus.no for meir informasjon Kors på halsen Eit tilbod til deg under 18 år, som er dreve av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringe, chatte, eller sende e-post. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00-22.00. Du kan også snakke med andre på alderen din på forumet. Les meir om dette på nettstaden til kors på halsen. SnakkOmPsyken.no Dette er Blå Kors sin chatteteneste for deg mellom 9-19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag-torsdag frå 09.00-21.00, fredag frå 09.00-15.00, og søndag frå 15.00-21.00. Les meir om dette på nettstaden til Snakk om psyken. Ung Prat Samtaleteneste til barn og unge mellom 13-24 år som treng nokon å prate med. Ung prat er ope søndag - fredag 09:00-21:00. Les meir om dette på nettstaden til ungprat.no Til deg som er bekymra for eit barn Ta kontakt med barnevernsvakta på telefonnummer 976 01 616. Les meir om dette på kommunen si heimeside. UngePårørende.no - Pårørendesenteret UngePårørende.no er ein nettstad laga spesielt for barn og unge pårørande i Noreg. Nettstaden inneheld blant anna informasjon, råd og hjelpetelefon. Her kan du også lese om spørsmål og erfaringar frå andre og kvar du får hjelp. Meir informasjon finn du på nettsida deira. Til deg som er bekymra for eit barn Kontaktinformasjon til barnevernstenesta Til deg som har det vanskeleg Dette er ei krevjande tid for barn og vaksne. Dersom du synest det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller treng hjelp for å vere ein god forelder, er dei fleire gode tilbod til deg. Til deg som har det vanskeleg Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123 Hjelpetelefonen er Mental Helses gratis døgnopne telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym og dei har teieplikt. Dei har også ein chat på sidetmedord.no. Kirkens SOS Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakke med nokon anten på telefon, på melding eller chatte. Her kan ein ta kontakt på tlf.: 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er ope kvardagar kl. 18.30 - 22.30 og det er heilt anonymt. Foreldresupport Foreldresupport er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Den blir driven av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2). Vold- og overgrepslinjen 116 006 Ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er uroleg for somme du kjenner. Tenesta er anonym. Telefonnummeret er 116 006. Anonyme Alkoholikere (AA) Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som deler erfaringa, styrken og håpet sitt med kvarandre for at dei kan løyse sitt felles problem og hjelpe andre å friskne til frå alkoholisme. Telefon: 911 77 770 Open måndag - fredag (11.00 - 15.00 og 18.00 - 22.00), laurdag - søndag (18.00 - 22.00) Rådgivningstelefon for pårørande innan psykisk helse og rus Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse og rus. Dei tilbyr rådgjeving om pårørande sine rettar og behov, og om hjelpeapparatet. Kontaktinformasjon Pårørendesenteret Pårørendesenteret er ein nettstad for alle pårørande uansett livssituasjon, alder eller kor nært dei står den dei er pårørande for. Her finn du fagstoff, gode tips og råd, informasjon om rettigheitar og hjelpetilbod over heile landet. Du kan også lese om andre sine erfaringar eller ta kontakt med Pårørandeline for rettleiing. Les meir om Pårørendesenteret på deira nettstad. Sist endra13.10.2020 13.49