Korona

Siste nytt om smittesituasjonen finn du under Aktuelt frå kommunen

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Frisklivssentral

Frisklivssentral

Frisklivssentralen er ei kommunal førebyggjande helseteneste.

Kven kan få tilbodet?

Målgruppa er personar som har behov for støtte til å endre levevaner på grunn av auka risiko for sjukdom, eller som allereie har utvikla sjukdom. Frisklivssentralen gjev tilbod om hjelp til å starte ein endringsprosess og mestre nye levevanar.

Slik søkjer du

Fastleger, anna helsepersonell og NAV kan tilvise til frisklivssentralen ved å skrive ut ein frisklivsresept. Det er også mogleg å ta direkte kontakt sjølv.

Kor lenge får eg delta på tilbodet?

  • Den som er tilvist frisklivssentralen vil i fyrste omgang få tilbod om oppfølging i 12 veker.
  • Perioden byrjar med ein individuell helsesamtale, kor ein saman utarbeidar ulike mål og ein plan for perioden. Helsesamtalane har fokus på å styrke eigen motivasjon til endring og oppleving av mestring.
  • Det er også tilbod om oppfølgingssamtaler i løpet av perioden. Ein får tilbod om å delta på treningsgrupper og bra mat kurs.
  • Perioden avsluttast med ein ny helsesamtale, ein blir då einige om å enten avslutte oppfylginga eller fortsette med ein ny periode.

Kva kostar det?

Kr. 300,- for ein periode på 12 veker.

Treningsgrupper

  • Basistrening i gymsalen på Gossen barne- og ungdomsskole torsdagar kl. 19.15 - 20.10
  • Instruktør Anita Oterhals Eide
  • Samarbeid med Gossen idrettslag

Bra mat kurs

Kontaktinformasjon

Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesøster
E-post
Mobil 913 25 930
Therese Stokke Viken
Fysioterapeut
E-post
Mobil 971 60 713

Opningstider

Fysioterapi
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Besøks- og postadresse: 
Aukra fysioterapi
Aukraringen 17
6480 Aukra