Aktiv på dagtidOBS! Aktivitetane for vinter/vår 2021 er ikkje i gong enno grunna koronasituasjonen. Vi legg ut informasjon så snart aktivitetane vert starta opp att. Aktiv på dagtid er eit tilrettelagt aktivitetstilbod til deg som ønskjer å komme i gong med fysisk aktivitet saman med andre. Vi ønskjer å gje deg eit mosjonstilbod i kvardagen. Kven kan få tilbod om Aktiv på dagtid? Menn og kvinner mellom 18 og 67 år som bur i Aukra kommune, og står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet og mottek: Sjukepengar Uføretrygdingar Overgangsstønad Dagpengar Arbeidsavklaringspengar Sosialstønad Deltakarar i kvalifiseringsprogrammet Er du pensjonist, kan du melde deg på Aktiv senior. Slik melder du deg på Aktiv på dagtid Fyll ut søknadsskjemaet. Skjemaet er elektronisk. Når får du svar på påmeldinga? Du får svar på påmeldinga innan kort tid. Kva kostar det å delta på Aktiv på dagtid? Medlemskort kostar kr. 300,- per halvår. Innbetalingsgiro vert sendt i posten. Nye medlemmar har det første året som medlem, høve til å trene 1 gong per veke på Aukra treningssenter. Etter 1 år med trening på Aukra treningssenter, får medlemmane 10% rabatt på klippekort/medlemskort på treningssenteret. Aktivitetar du får delta på Aktivitetane er tilpassa koronasituasjonen. Nokre aktivitetar krev ekstra påmelding. Du finn meir informasjon om det i boksen nedanfor. Aktiv på dagtid/aktiv senior - korona Aktivitetar Aktiv på dagtid/Aktiv senior Dag Kl. Kor Aktivitet Måndag 10.00-12.15 Fitness Point Jendem Apparattrening med rettleiing. Instruktør er Øyvind Blø. Du må melde deg på kvar gong til Øyvind på mobil 934 62 995. Når det vert mange påmeldte, må vi dele i to grupper: kl. 10-11 og kl. 11.15-12.15. Tysdag frå kl. 13.00 Bassenget på Riksfjord Vassgymnastikk leia av Monica Ilestad. Dørene vert opna kl. 12.50. Du må melde deg på kvar gong til Monica på mobil 995 49 908. Dersom det vert mange påmeldte, må vi dele i to grupper. Onsdag 14.30-15.30 Aukrahallen Styrke og kondisjonstrening. Instruktør er Tove Charlotte Æsøy. Ha på gode joggesko til innebruk og ta med eige liggeunderlag og drikke. Torsdag frå kl. 11.00 Turgruppe med turleiar Turar til ulike områda av kommunen og nabokommunane. Turar på fastlandet startar med oppmøte på ferjekaia kl. 10. Eige turprogram vert laga kvart halvår. Utstyr Bassenggruppe: Ta med badeklede og vassflaske. Turgruppe: Ta på egna klede og sko til utebruk, og gjerne niste og drikke. Aukrahallen: Ta på egna klede og sko til innebruk. Hugs eige liggeunderlag, handduk og vassflaske. Sist endra19.03.2021 09.02