Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam

Aukra kommune har etablert eit akutt psykososialt kriseteam for å kunne yte til­fredsstillande psykososial omsorg og støtte ved kriser, ulykker og katastrofar.

Det  kommunale psykososiale kriseteamet er leia av kommuneoverlegen og skal medvirke til at enkeltpersonar, familiar eller lokalsamfunnet får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte frå det ordinære tenesteapparatet dersom kritiske hendingar inntreff.

Heile eller delar av teamet blir aktivert ved behov og i samråd med kommunen si overordna leiing. AMK, legevaktsentral, legevakt eller rådmann/kommunalsjef kan kontakte leiar ved behov for tenesta.

Kven kan du kontakte i psykososialt kriseteam?

Psykososialt kriseteam
Funksjon Medlem Tittel Kontaktinform.
Fungerande leiar Marit Thorsen Psykiatrisk sjukepleiar 903 67 950
Medlem Thomas Rakvåg Kommuneoverlege 71 17 14 00
Medlem Camilla Hjellset Orø Leiande helsesøster 913 25 930
Medlem Tore-Jarl Olsen Spesialsjukepleiar 468 18 228
Medlem Christian Finn Risung Sokneprest 970 07 990