Parkeringskort for forflytningshemma

Parkeringskort for forflytningshemma vert gjeve til bilførarar eller passasjerar som har eit særleg behov for tilrettelagt parkering knytt til bustad, arbeid og/eller annan aktivitet.

Kven kan få parkeringskort?

  • Personar som ikkje kan gå eller berre kan bevege seg ei begrensa strekning.
  • Personar med lidingar som har vesentleg innvirkning på forflytningsevna.
  • Personar som har behov for å parkere bil på stadar der dei ikkje kan benytte det tilgjengelege parkeringstilbodet.

Krav til søkar

  • Du må ha legerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar.
  • Du må dokumentere eit særleg behov for å parkere ved bustad, arbeid eller i samband med regelmessige aktivitetar, der du ikkje kan benytte det ordinære parkeringstilbodet.
  • Ved søknad om parkeringskort for passasjerar må du i tillegg dokumentere eit behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet.

Slik søkjer du om parkeringskort

Søk om parkeringskort

Dersom du ikkje kan søke elektronisk, finn du papirskjemaet under Alle skjema.

Kva kostar eit parkeringskort?

Parkeringskortet er gratis.

Klage på vedtak om parkeringskort

Vedtak om parkeringskort er eit enkeltvedtak som du kan klage på. 

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30