Smittesituasjonen i AukraEtter nye nasjonale reglar per 12. februar vil testing og registrering av smitte vere frivillig. Barn og unge skal ikkje lenger testast. Tidlegare meldingar om registeret smitte vil ikkje lenger vise reell smitte og kommunen har derfor avslutta ordninga med publisering av smittetal på heimesida. Oversikt over smitta i 2022: 640 personar. Oversikta over smittetal gjeld for dei som har fått påvist koronasmitte og som oppheld seg i Aukra. Du finn også statistikk over smitta på Folkehelseinstituttet si nettside. Februar 2022 16. februar 2022 - 116 nye smittetilfelle Denne veka har Aukra kommune fått melding om 115 nye Covid-19 tilfeller per 16. februar. Dette inkluderer 39 sjølvregistrerte heimetestar som ikkje er verifisert med PCR-test eller Ag-hurtigtest ved teststasjonen. 11. februar 2022 - 26 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 26 nye covid-19 tilfeller. Dette inkluderer 2 personar som ikkje er verifisert med PCR-test og Ag-hurtigtest ved teststasjonen. 10. februar 2022 - 31 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 31 nye covid-19 tilfeller. Dette inkluderer 3 personar som ikkje er verifisert med PCR-test og Ag-hurtigtest ved teststasjonen. 9. februar 2022 - 36 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 36 nye covid-19 tilfelle. 3 av desse er ikkje stadfesta med PCR-test eller Ag-test ved teststasjonen. 7. februar 2022 - 55 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 55 nye covid-19 tilfelle. Sju av desse er heimetestar som ikkje er verifisert. 5. februar 2022 - 27 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 27 nye covid-19 tilfeller. FEm av desse er sjølvregistrerte testar som ikkje er verifisert med PCR-test. Kommunen har per i dag 67 personar i isolasjon. 4. februar 2022 - 13 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 13 nye covid-19 tilfelle. Tre av desse er sjøvregistrerte testar og kjem i kategorien der stadfesta PCR ikkje vert tatt. 3. februar 2022 - 20 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 20 nye covid-19 tilfelle. Dette inkluderer 5 sjølvregistrerte som ikkje er verifiserte med PCR 2. februar 2022 - 34 nye smittetilfelle Aukra kommune har fått melding om 34 nye covid-19 tilfelle. 5 av desse er sjølvregistrert og derfor ikkje verifisert. Januar 2022 31. januar - 15 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 15 nye covid-19 tilfelle. Desse kjem i tillegg til sjølvregistrerte personar med positiv heimetest. 29. januar 2022 - 9 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk idag melding om 9 nye covid-19 tilfelle i samband med utbrot i barnehage og skole på JUlsundet. Det vil vere mogleg å teste seg etter avtale på Julsundet på søndag og i neste veke. Ta kontakt med koronakontakten for avtale. 28. januar 2022 - 17 nye smittetilfelle Torsdag og fredag fekk Aukra kommune melding om 17 nye covid-19 tilfelle. Det er no smitte både i barnehagen og skolen i Julsundet. Testregime er sett igang. 26. januar 2022 - 19 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 19 nye covid-19 tilfeller. 25. januar 2022 - 17 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 17 nye covid-19 tilfeller. 24. januar 2022 - 10 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 10 nye covid-19 tilfeller. 23. januar 2022 - 17 nye sittetilfelle Aukra kommune har i dag fått melding om 17 nye covid-19 tilfelle. 21. januar 2022 - 19 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 19 nye covid-19 tilfeller. 20. januar 2022 - 25 nye smittetilfelle Aukra kommune har i dag fått melding om 25 nye covid-19 tilfelle, 10 av desse var frå prøvene tatt på tysdag. Kommuneoverlegen oppfordrar alle om å vaksinere seg uavhengig av kva dose det er. Du kan bestille time via legekontoret si nettside eller ved å ringje koronakontakten. 19. januar 2022 - ni nye smittetilfelle Aukra kommune fekk onsdag melding om 9 nye positive covid-19 tilfelle. Talet vil auke sidan kommunen ikkje har fått svar på alle prøvene som vart teke i går. 18. januar 2022 - 30 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om 30 nye positive covid-19 tilfelle. Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen. Det er forventa fleire tilfelle som følgje av dette.. 17. januar 2022 - 17 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk i dag melding om ytterlegare 17 positive covid-19 tilfelle. Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen og det er venta fleire positive frå prøver tatt i dag. 16. januar 2022 - 24 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk laurdag og søndag melding om 24 nye covid-19 tilfelle. Dei fleste er nærkontaktar av tidlegare påviste tilfelle. Kommunen har no fleire pågåande utbrot som rører skule, barnehage, og helse og omsorg. Totalt er det 60 som har testa positivt for covid i veke 2 og totalt 69 så langt i år. 14. januar 2022 - 17 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk torsdag kveld og fredag melding om ytterlegare 17 positive covid-19 tilfeller. Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen. Det blir forventa fleire positive tilfelle som følgje av dette. 13. januar 2022 - 11 nye smittetilfelle Aukra kommune fekk onsdag kveld og torsdag melding om ytterlegare 11 positive covid-19 tilfelle. Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen. Det blir forventa fleire positive tilfelle som følgje av dette. 12. januar 2022 - sju nye smittetilfelle Kl. 15.45: Aukra kommune fekk onsdag 12. januar melding om ytterlegare 7 positive covid-19 tilfelle. Dette inkluderer 4 barn. I tillegg er det to prøver som vil bli tekne på nytt i morgon som blir forventa positive. Husstandsmedlemer og tilsvarande nære er sett i karantene og blir tilrådd å ikkje gå på skule/barnehage uavhengig av alder og vaksinasjonsstatus. Barnehagen på Gossen går no over til raudt nivå og vil halde stengd torsdag 13. januar og fredag 14. januar for å organisere raudt nivå. Frå måndag vil barnehagen ha redusert opningstid frå 08.00-15.30 inntil vidare. Føresette på aktuelle avdelingar i barnehagen vil bli kontakta av barnehagen. 12. januar 2022 - fem nye smittetilfelle Aukra kommune fekk onsdag melding om 5 nye smittetilfelle med covid-19. Alle tilfella er vaksinert og har symptom. Nærkontaktar er i karantene og blir testa vidare. Kommunen har no smittetilfelle knytt til barnehage og helseinstitusjon i det pågåande utbrotet. Det er ingen barn blant dei som er smitta og barnehagen vil fortsetje på gult nivå. Det er ingen bebuarar ved institusjon som er smitta, men det er innført nokre besøksrestriksjonar som besøkande bør vere oppmerksame på. Kommuneoverlegen forventar ein auke i smittetilfelle, og minner om at det er viktig å teste seg ved symptom og halde seg heime frå jobb eller skole 8. januar 2022 - fire nye smittetilfelle Aukra kommune fekk laurdag 8. januar melding om fire nye smittetilfelle. Tre av personane er nærkontaktar og var allereie i karantene. Dei er no overført til isolasjon. Personane er fullvaksinerte og har moderate symptom. Det siste tilfellet har ukjent smitteveg og er symptomfri. Det er så langt i januar registrert 14 covid-19 tilfelle i kommunen. Kommuneoverlegen minner om at det er viktig å ta omsyn til gjeldande smittevernreglar. 6. januar 2022 - fire nye smittetilfelle Aukra kommune fekk torsdag 6. januar melding om fire nye covid-19 tilfelle. Alle personane er nærkontaktar og var allereie i karantene. Dei er no overført til isolasjon. Personane er fullvaksinerte og har moderate symptom. Det er så langt i januar registrert 10 covid-19 tilfelle i kommunen. 4. og 5. januar 2022 - fire nye smittetilfelle Aukra kommune fekk tysdag og onsdag melding om 4 nye covid-19 tilfelle. Tre av desse er nærkontaktar og var allereie I karantene, men er no overført til isolasjon. Det siste tilfellet har ukjent smitteveg. Alle har lette eller moderate symptom og er vaksinerte. Det er no stadfesta omicron-variant i kommunen for fleire av smittetilfella. 2. januar 2022 - nytt smittetilfelle Aukra kommune fekk melding om eit nytt smittetilfelle søndag 2. januar. Den smitta er i isolasjon og nærkontaktar i karantene. Den smitta er fullvaksinert og har moderate symptom. 1. januar 2022 - nytt smittetilfelle Aukra kommune fekk laurdag 1. januar melding om nytt covid-19 tilfelle. Personen er i isolasjon og nærkontaktar i karantene. Personen er fullvaksinert og har lette symptom. Sist endra 17.02.2022 13.36