Vaksinering covid-19

Vaksinering covid-19

Vaksinering 12-15 år

I veke 3 får gruppa 12-15 år tilbod om dose 2. Skolen har sendt ut informasjon til foreldre/føresette og elevane vil få med eit samtykkeskjema heim. Ta kontakt med  koronakontakten på telefon 906 92 558 eller på e-post til tiili.stamsvik@aukra.kommune.no om du har spørsmål. 

Dose 3

Aukra kommune tilbyr no koronavaksine dose 3 for gruppa 45 - 64 år og 18-44 år. 

Timebestilling for dose 3: Aukra legekontor si heimeside

  • Vêr oppmerksam på at det skal ha gått minimum 20 veker frå 2. dose blei gitt.
  • Vaksinasjonen vil nå framover vere på "gamlestauå" ved tidlegare Aukraheimen på Gossen. Inngang nedst til høgre for biblioteket. 
  • Møt opp til oppsett tid for å unngå kødanning.

Vaksinen som blir brukt er av typen Comirnaty (BioNTech og Pfizer). Vi kan tilby Spikevax (Moderna) for den som ønskjer det, men ber då om at de ringjer koronatelefonen på telefonnummer 906 92 558.

Vaksinering vidaregåande elevar

Vidaregåande elevar har fått tilbod om 2. dose. Er du elev på vgs og ikkje fått tilbod om dose 2, men ønskjer denne? Ta kontakt med  koronakontakten på telefon 906 92 558 eller på e-post til
tiili.stamsvik@aukra.kommune.no.

Tilbod om koronavaksine

Har du ikkje fått bestilt deg time til vaksinasjon kan du framleis gjere det ved å ringje koronakontakten på telefon 906 92 558 eller på e-post tiili.stamsvik@aukra.kommune.no

Kontaktinformasjon

Koronakontakt
Tiili Stamsvik
Mobil 906 92 558