Status vaksinering

Status vaksinering

Aukra kommune er ferdig med tredje dose koronavaksine til prioriteringsgruppene 1 og 2. Vi er godt i gong med prioriteringsgruppe 3 og kallar inn innbyggjarar kontinuerleg når det er gått minimum 6 månader sidan siste dose. Vi legg innkallingane til at det skal gå ein periode mellom influensavaksine og koronavaksine.

Vaksineringa skjer framleis i Aukrahallen. 

Vaksinering 12-17 år

For 16-17 åringane er det tilrådde intervallet mellom dose 1 og 2 sett til 8-12 veker. Dei vil få SMS om ny time. Også då vil det bli på ettermiddag. Mest sannsynleg vert det vaksinering av denne gruppa i veke 44 eller veke 46. 

Dose 3

For innbyggjarar som er prioriterte til dose 3 vil vi ta kontakt med dei så fort vi får oversikta frå spesialisthelsetenesta. Du kan også ringje koronakontakten å bestille time dersom du veit at du er i prioriteringsgruppa som skal ha tredje dose. Hugs at du då må dokumentere at du er i den gruppa, anten ved brev frå spesialisthelsetenesta eller kopi av resept frå Helse-Noreg eller journal.

Tilbod om koronavaksine

Har du ikkje fått bestilt deg time til vaksinasjon kan du framleis gjere det ved å ringje koronakontakten på telefon 906 92 558 eller på e-post tiili.stamsvik@aukra.kommune.no

Status vaksinering

Frå og med veke 38 legg ikkje kommunen ut nye tal på status vaksinering. 

 

Kontaktinformasjon

Koronatelefon
Mobil 906 92 558