Brukarstyrt personleg assistent (BPA)Om brukarstyrt personleg assistent Brukarstyrt personleg assistentordning (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg hjelp for personar med eit stort hjelpebehov i dagleglivet både i heimen og utanfor heimen. Målet er at brukaren får høve for eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv. BPA blir vurdert i forhold til kva brukaren ville ha fått av ordinære tenester slik som heimehjelp, støttekontakt, miljøteneste eller anna. Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistent? BPA passar til yngre funksjonshemma som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsetje og leie assistentane sine sjølv kan dei organisere hjelpa. Brukar eller annan frivillig person som brukaren peikar ut, vert arbeidsleiar for assistentane. Du kan ha krav på tenester organisert som BPA når du er under 67 år ved tildeling har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse For meir informasjon om retten til BPA, sjå pasient- og brukarrettslova § 2-1, d. Slik søkjer du om brukarstyrt personleg assistent Fyll ut søknadsskjemaet om helse- og omsorgstenester (PDF, 175 kB) Du finn óg skjemaet øvst i artikkelen Beskriv kva du søkjer om. I søknadsskjemaet skildrar du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg. Søknaden sender du til Aukra kommune. Kva kostar det? Heimehjelp, praktisk bistand eller brukarstyrt personleg assistent (BPA) Heimehjelp og praktisk bistand Emne Satsar for eigenbetaling 2022 Inntil 2G Maksimalsats fastsett av Stortinget (2021: Kr. 210 per månad) 2-3G Kr 355 per time / maks kr 857 per mnd. 3-4G Kr 355 per time / maks kr 1 386 per mnd. 4-5G Kr 355 per time / maks kr 2 009 per mnd. Over 5G Kr 355 per time / maks kr 2 217 per mnd. Det er høve til å søkje om heilt eller delvis fritak frå eigenbetaling dersom brukar sin økonomiske situasjon gjer det vanskeleg å betale for hjelpa som er nødvendig for å klare seg i eigen heim. Innvilga timetal heimehjelp må betalast sjølv om bebuar ikkje er til stades på avtalt tidspunkt. Akutte sjukehusinnleggingar eller tilsvarande opphald i institusjon gjev fritak. Søknaden om heilt eller delvis fritak sender du til Heimetenesta i Aukra, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra. Klage på vedtak om brukarstyrt personleg assistent Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no Sist endra 02.02.2022 10.13