Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistentordning (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg hjelp for personar med eit stort hjelpebehov i dagleglivet både i heimen og utanfor heimen. 

Om brukarstyrt personleg assistent

Målet er at brukaren får høve for eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv. 

BPA blir vurdert i forhold til kva brukaren ville ha fått av ordinære tenester slik som heimehjelp, støttekontakt, miljøteneste eller anna.

Kven kan søke om brukarstyrt personleg assistent?

BPA passar til yngre funksjonshemma som ønsker å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie assistentane sine sjølv, kan dei organisere hjelpa. Brukar eller annan frivillig person som brukaren peikar ut, vert arbeidsleiar for assistentane. 

Du kan ha krav på tenester organisert som BPA når du

  • er under 67 år ved tildeling
  • har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse

For meir informasjon om retten til BPA, sjå pasient- og brukarrettslova § 2-1, d

Slik søker du om brukarstyrt personleg assistent

Fyll ut søknadsskjemaet for pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Send inn søknad

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Kva kostar det?

Klage på vedtak om brukarstyrt personleg assistent

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00