Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Legevakt

Du kan ringe det nasjonale legevaktsnummeret 116 117 og du kjem til næraste legevakt. Legevakta for Aukra kommune er lokalisert i Molde. 

Aukra kommune si legevakt er organisert under legevaktordninga for Molde kommune.

Når kan du kontakte legevakta?

  • På kvardagar er det dagvakt ved Aukra legekontor frå kl. 08.00 til kl. 16.00.
  • Kveldstid og helg: Legevakt i Molde alle kvardagar mellom kl. 16.00 til kl. 08.00, og heile døgnet på helg og heilagdagar.

Kven skal du ringe?

Når du ringer telefon 116 117, kjem du i kontakt med spesialsjukepleiar ved legevaktsentralen i Molde som ber om opplysningar om kva det gjeld, kan gje råd og sender melding til legen på vakt.

Når du ringer 113 kjem du til AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) ved Ålesund sjukehus.

Korleis vert legevakttenesta utført?

Utanom opningstida for fastlegen og lokal legevakt er det tilgjengeleg videolegevakt ved Aukra omsorgssenter. Det er legevakta i Molde som avgjer om videolegevakt skal nyttast. Ring legevakta på telefonnummer 116 117 for å avtale tid. 

Videolegevakt er eit legevaktrom kor ein sjukepleiar tek imot pasienten, tek prøver og målingar og opprettar samtale med legevaktsleggja på storskjerm. Sjukepleiaren kan etter legen sin ordinasjon gi og dele ut medisin. Etter konsultasjonen kjem pasienten anten heim, til vidare behandling i Molde eller evt. lagt inn på sjukehus. 

Du kan vente heime

Men då må du ringe på førehand. Om noko hastar, må du ringe undervegs slik at legevakta kan førebu seg på å ta i mot deg. Sjukepleiarar kan gje deg råd på telefonen slik at du kanskje ikkje treng å møte opp på legevakta. 

For å kunne ta i vare dei sjukaste, får du ikkje hjelp til alt på legevakta.

Kva skjer etter konsultasjon på legevakta? Korleis skal folk kome seg heim på natta? 

Regelverket for å få beredskapsferje eller drosje heim etter legevaktbehandling, er blitt veldig innskjerpa av Stortinget, og skal berre skje når det er nødvendig av helsemessige grunnar. Dei som ikkje har ordna seg med eigen skyss heim, må vente ein stad i legevakta sine lokale til det går buss og ferje. Dei kan også få tilskot på 598 kr frå Pasientreiser til overnatting på hotell. 

Kontakt

Legevakt
Telefon 116 117

Adresse

Besøksadresse legevakt

Veøygata 1

6413 Molde

(Kirkebakken helsehus)

Kart