Kva er Helseplattformen?
Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. I dag ligg dine helseopplysningar i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta di historie for kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med helseplattformen vil du no få ein journal som skal følge deg i alle slags møte med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samla på ein plattform, vil óg auke di pasientsikkerheit.
Helseplattformen har laga ei side, der du kan få meir informasjon.
Spørsmål og svar om Helseplattformen
Korleis kan eg få tak i min pasientjournal?
Med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Det er innbyggjaren sin digitale inngang til helse- og omsorgstenester. Du kan bruke HelsaMi som en app eller som nettside, på PC-en eller på mobil/nettbrett. Her kan du blant anna:
- sjå dine helseopplysningar
- sjekke legemidlar
- bestille time
- kome i kontakt med helsepersonell
Hugs at du foreløpig vil finne kun opplysningar som gjeld St. Olavs hospital.
Er det trygt?
HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du logger deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har sikkerheitsnivå 4 som er det høgaste sikkerheistnivået.
Sjekk ut nettsida HelsaMi
Helseplattformen i Aukra kommune
Aukra kommune vil kople seg på Helseplattformen 4. november 2023, saman med dei andre Romsdalskommunane Vestnes, Rauma, Molde og Hustadvika. Innføringa går som planlagt, sjølv om Helse Midt-Noreg valde å utsette innføringa for helseforetaket til våren 2024.
Meir informasjon
Meir informasjon om kva som vil skje i Aukra kommune vil kome etter kvart. Du kan lese meir om temaet på Helseplattformen si heimeside.
Gå til Helseplattformen si heimeside
Kvifor Helseplattformen? - Sjå infofilm