Frisklivssentralen sitt treningstilbod

Frisklivssentralen sitt treningstilbod

Kva er frisklivssentralen sitt treningstilbod?

Vi har for tida tre forskjellege tilbod: Basistrening, tabata og yoga/bevegelegheitstrening.

  • Instruktør: Kristine Småge.

Basistrening

Styrke og kondisjonstime med fokus på enkle øvingar med kroppsvekt eller vekter som belastning. Dette er ein time som passar for alle uansett nivå.

Tabata

Styrke og kondisjonstime med høg intensitet, lagt opp som sirkeltrening der vi jobbar i tidsintervall på ulike postar. Øvingar med og utan ekstern vekt.

Yoga/bevegelegheitstrening

Dette er ein time med fokus på styrke, balanse, avspenning og pust. Det er enkle øvingar gjort i eit roleg tempo med kroppsvekt som belastning. Nybegynnar nivå. Målgruppa for denne timen er deg som er i yrkesaktiv alder. Passer for deg som har fri på dagtid, er sjukmeldt, i foreldrepermisjon eller ufør.

Dato, tid og stad

Frisklivssentralen sitt treningstilbod
Aktivitet Dag Klokkeslett Kor
Basistrening Tysdag 18.30-19.30 Aukrahallen
Tabata Tysdag 19.45-20.30 Aukrahallen
Yoga/bevegelegheitstrening Onsdag 11.00-12.00 Falken - dansesalen Aukra kulturhus
  • Oppstart for basistrening og tabata er 3. januar 2023
  • Oppstart for yoga/bevegelegheitstrening er 4. januar 2023

Kva kostar det?

Prisen er 500 kr per halvår. Du kan gå på dei timane du ønskjer.

Gratis prøvetime

Vi tilbyr ein gratis prøvetime. Berre møt opp på timen du ønskjer å prøve. Du kan melde deg på tilbodet etter prøvetimen, dersom du ønskjer å fortsette.

Påmelding

Du kan melde deg på via skjemaet nedanfor. Påmelding er bindande.

Kontaktinformasjon

Kristine Småge
Frisklivsrettleiar, miljøarbeidar
E-post
Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Therese Stokke Viken
Fysioterapeut
E-post