Aktivitetstilbodet STYRK Aukra

STYRK Aukra er eit tilbod i regi av psykisk helse- og rustenesta i Aukra kommune. 

Om STYRK Aukra

STYRK Aukra er eit gratis aktivitetstilbod for alle i Aukra kommune. Vi har fokus på å styrke den psykiske og fysiske helsa gjennom ulike førebyggjande aktiviteter som passar for alle med ei psykisk helse. Tilbodet er for deg som ønskjer meir fellesskap, nokon å vere i aktivitet saman med eller berre vere meir sosial. Vi har alle våre utfordringar, og vi har alle ei psykisk og fysisk helse vi må ta vare på. 

Du må ikkje ha eller ha hatt oppfølging i vår teneste for å delta på aktivitetstilbodet.

Kven kan vere med i STYRK Aukra?

Tilbodet er opent for alle over 16 år. Om det vert behov kan vi òg ha eigne ungdomsgrupper.

Kva kostar tilbodet?

Tilbodet er gratis.

Må eg melde meg på aktitivitetstilboda?

Tilboda krev førebels inga påmelding med mindre anna er spesifisert der informasjonen vert lagt ut. Om det skulle bli veldig mange deltakarar kan det hende det må vli påmelding. Utanom dette kan du møte opp på den aktiviteten du ønskjer.

Om aktivitetane

STYRK Aukra på sosiale medium

STYRK Aukra si side på Facebook

STYRK Aukra på Instagram

Skyss til aktivitetane

Tysdag køyrer vi saman frå helsesenteret på Gossen til turmålet. På fredagane har vi diverre ikkje moglegheit til å tilby skyss. Ta kontakt dersom du lurar på noko.

Kontakt Anne Emilie

Kontakt Marie Elise

Kontakt

Anne Emilie Haugen Skoglund
Spesialsjukepleiar psykisk helsearbeid/miljøterapeut
E-post
Mobil 95 07 99 22
Marie Elise Solberg Gjerstad
Sjukepleiar/miljøterapeut
E-post
Mobil 91 89 75 65