Utleige av kommunale lokalar

Utleige av kommunale lokalar

Aukra kommune har graderte husleigesatsar for utleige av kommunale lokalar (vedteke i k-sak 127/14).

Dette gjeld aktivitet som t.d. regelmessig og faste treningar og øvingar for kommunen sine innbyggarar. All anna aktivitet, inntektsbringande og kommersielle arrangement, samt konsertar og liknande, betaler husleige etter vedtatte satsar. Det same gjeld for private arrangement.

Det vert gitt fritak for leige i kommunale lokalar og anlegg for lag og organisasjonar, som driv aktivitet som t.d. trening og øvingar retta mot barn og ungdom under 18 år. For aktivitet der målgruppa er innbyggarar over 18 år, gjeld vanlege husleigesatsar.

Satsar frå 1. januar 2015:

01 Sal med garderobe og dusj

02 Klasserom eller møterom med kjøken

03 Leige av svømmehall

04 Aukra frivilligsentral

05 Ekstra reinhald og vaktmeistertenester

* Vaksne/anna utleige/kommersiell utleige

Merknad

  • Det vert gjeve fritak for vaksenopplæring i undervisningslokalar i samsvar med Lov om vaksenopplæring.
  • Fritak for husleige gjeld ikkje for inntektsbringande arrangement, kommersielle arrangement, konsertar og liknande. Fritaket gjeld heller ikkje private arrangement.
  • Når det gjeld Julsundet samfunnshus, som er ein del av Julsundet skole, vil framleis eigne satsar for samfunnshuset gjelde ved utleige.
  • Faste treningar/aktivitet der arrangør har inntekt skal det bereknast leige etter sats «inntil 3 timar per gong». Det betyr at det ikkje er same reduksjon i husleiga som for lag og organisasjonar ved leige per månad.
  • Ansvarleg eining informerer leigetakar om reglement og rutinar som gjeld for bruk av dei einskilde lokalane.
  • For aktivitet i lokalar der kommunen er leigetakar, gjeld vanlege husleigesatsar.
  • Utleigesatsane vert indeksregulert årleg i samsvar med konsumprisindeks frå SSB.

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Fann du det du leita etter?