Utleige av kommunale lokalar

Utleige av kommunale lokalar

Aukra kommune har graderte husleigesatsar for utleige av kommunale lokalar (vedteke i k-sak 8/19).

Dette gjeld aktivitet som t.d. regelmessig og faste treningar og øvingar for kommunen sine innbyggarar. All anna aktivitet, inntektsbringande og kommersielle arrangement, samt konsertar og liknande, betaler husleige etter vedtekne satsar. Det same gjeld for private arrangement.

Det vert gitt fritak for leige i kommunale lokalar og anlegg for lag og organisasjonar, som driv aktivitet som t.d. trening og øvingar retta mot barn og ungdom under 18 år. For aktivitet der målgruppa er innbyggarar over 18 år, gjeld vanlege husleigesatsar.

Satsar frå 1. mars 2019:

01 Gossen barne- og ungdomsskole

02 Julsundet fleirbrukshus

03 Aukra kulturskole (Riksfjord)

05 Leige av svømmehall

04 Aukra frivilligsentral og Mevoldtunet

06 Aukra omsorgssenter

07 Barnehagane

08 Innvandring og integrering (Riksfjord)

09 Ekstra reinhald og vaktmeistertenester

* Vaksne/anna utleige/kommersiell utleige

Merknad

  • Det vert gjeve fritak for vaksenopplæring i undervisningslokalar i samsvar med Lov om vaksenopplæring.
  • Fritak for husleige gjeld ikkje for inntektsbringande arrangement, kommersielle arrangement, konsertar og liknande. Fritaket gjeld heller ikkje private arrangement.
  • Faste treningar/aktivitet der arrangør har inntekt skal det bereknast leige etter sats «inntil 3 timar per gong». Det betyr at det ikkje er same reduksjon i husleiga som for lag og organisasjonar ved leige per månad.
  • Ansvarleg eining informerer leigetakar om reglement og rutinar (branninstruks, rømmingsvegar, beredskap osv.) som gjeld for bruk av dei einskilde lokala.
  • Det er forbode å bruke levande lys i kommunale bygg.
  • I følgje Alkoholpolitisk plan for Aukra kommune 2015-2019, skal det ikkje skjenkast eller seljast alkohol i kommunale bygg. Ordførar kan gje dispensasjon frå regelverket.
  • Ved behov for ekstra reinhald eller vaktmeistertenester vert det fakturert kr 500,- per time, etter medgått tid.

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Fann du det du leita etter?