Tilskot til utgreiing og prosjekteringKva er tilskot til utgreiing og prosjektering? Tilskot til utgreiing og prosjektering bidreg til å: Finne gode og varige løysingar tilpassa den enkelte sine behov ved nedsett funksjonsevne Finne gode løysingar til nøkterne kostnader Auke tilgjengelegheita i bustadmassen Kven kan få tilskot? Husstandar der enkeltpersonar har behov for tilpassa bustad Eldre som treng å tilpasse bustaden for å kunne bli buande heime ved eit framtidig behov for tilpassa bustad Kva kan du få tilskot til? Du kan få tilskot til utgreiing til å kartleggje følgjande forhold: Mogelegheit og avgrensingar i eksisterande bustad Uteområde og tilkomst Tilgjengelegheit inne Arealbehov Innreiing og fungerande tilstand Om brukar har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen Tilskot til prosjektering kan vere til dekning av kostnader til fagleg bistand til prosjektering, det vil si honorar til arkitekt eller annan fagkyndig. Kor mykje kan du få? Det er opp til kommunen å vurdere om tilskot skal givast og kor stor utmålinga av tilskotet skal vere. Tilskota kan vere økonomisk behovsprøvd Tilskot til utgreiing og eventuelt prosjektering bør sjåast i samanheng med tilskot til tilpassing Korleis søkje om tilskot til utgreiing og prosjektering? Fyll ut søknadsskjemaet. Skjemaet er elektronisk. Det er muleg å laste opp vedlegg i søknaden. Søk om tilskot Vedlegg som du må levere saman med søknaden Utskrift for alle konti i husstanden (gjeld ikkje konti til barn under 18 år) Kostnadsoverslag Helseattest, dersom du søkjer om tilskot grunna sosiale eller helsemessige utfordringar Kor lang tid tek det? Kommunen behandlar søknaden innan fire veker etter at du har levert søknaden med alle vedlegg. Klage på vedtak om tilskot til utgreiing og prosjektering Du kan klage på vedtaket om tilskot til utgreiing og prosjektering. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra Eller du kan sende klaga på e-post til post@aukra.kommune.no Regelverk Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot Sist endra 11.07.2023 09.30