Omsorgsbustad

Kven kan søkje om omsorgsbustad?

Eldre, sjuke og funksjonshemma kan søkje om omsorgsbustad når eigen bustad er ueigna grunna pleie- og hjelpebehov. Du må ha behov for tenester frå heimebasert omsorg.

Korleis søkje om omsorgsbustad?

  • Fyll ut vårt elektroniske søknadsskjema.
  • Det er muleg å laste opp vedlegg i skjemaet.
 

Kva skjer vidare med din søknad om omsorgsbustad?

  • Vi behandlar søknaden så snart som muleg.
  • Vi vurderer om du oppfyller vilkåra for kommunal bustad. Er det fleire søkjarar enn ledige bustadar, må vi prioritere mellom søkjarar med størst behov.
  • Du får tilsendt eit skriftleg svar om du får tildelt bustad.
  • Etter at du har motteken positivt vedtak om leige av kommunal bustad, vil du få tilsendt ein husleigekontrakt.

Kva kostar ein omsorgsbustad?

Husleigesatsane i Aukra kommune vert justert 1. januar kvart år.

Husleigesats for omsorgsbustad

Husleigesats for omsorgsbustad
Gebyr Eining Sats 2024
1 soverom Leie per mnd. 6 424
1 soverom, spesielt tilrettelagt Leie per mnd. 7 556
1 soverom, spesielt tilrettelagt Leie per mnd. 6 691

Klage på vedtak om omsorgsbustad

Vedtak om tildeling av omsorgsbustad er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00