Bustønad

Bustønad er for personar som har låg inntekt og store buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om ordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustønad?

På Husbanken si heimeside får du informasjon om desse tre punkt:

  • kven som kan få bustønad
  • kva krav som gjeld for bustaden
  • inntektsgrenser

Du kan og prøve bustønadkalkulatoren.

Korleis søkje om bustønad?

Du søkjer om bustønad på Husbanken si heimeside. Her finn du både informasjon om innlogging og tilgang til e-søknad og søknadsskjema på papir. Det er mogleg å lagre søknaden, dersom du ikkje blir ferdig med utfylling og skal fortsette seinare.

Dersom du får innvilga bustønad, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din automatisk overført til neste månad.

Du vil få beskjed i tilfelle du må søkje på nytt.

Søknadsfrist for søknad om bustønad

Søknadsfrist er den 25. kvar månad.

Kor lang tid tek det?

Utbetaling skjer ca. den 20. i månaden etter at du har søkt. Du vil få eit vedtaksbrev frå Husbanken.

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Les meir om korleis du melder frå om dei forskjellige type endringar på Husbanken si heimeside.

Meir informasjon om bustønad

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken si heimeside.

Klage på vedtak om bustønad

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker etter du fekk vedtaket. Du finn meir informasjon om korleis du klager på vedtak om bustønad på Husbanken si heimeside.

Regelverk for bustønad

Lovar og reglar

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra