Informasjon frå kommunen

eDialog - sikker digital post

eDialog - sikker digital post

Ved å bruke eDialog kan du vere sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir teke i vare på ein trygg måte. Mange sender dokument til kommunen med e-post. E-post kan vere ein usikker kanal. Ved å nytte tenesten eDialog kan du sende oss dokument på ein sikker måte.

Send sikker digital post til Aukra kommune

Send sikker digital post til byggesak

Korleis bruke eDialog

  1. Klikk på knappen ovanfor (vel rett mottakar)
  2. Logg inn ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID el.l)
  3. Skriv inn i skjemaet og legg ved dokument

Slik fyller du ut skjemaet

  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Tittel: Kva gjeld henvendinga? Skriv gjerne saksnummer.
  • Kommentar: Her kan du skrive inn teksten din.
  • Du kan laste opp vedlegg. Du kan bruke dei fleste format: pdf, png, jpg, tiff, xml, text, mpeg video, mp3 eller waw-filer. Word-dokument må du gjere om til pdf.
  • Klikk på "Send". Forsendinga vert kryptert og sendt direkte til oss. Du får kvittering med referansenummer på e-post eller SMS.

Du skal ikkje bruke eDialog dersom

  • Aukra kommune har eige elektroniske søknadsskjema til føremålet, for eksempel søknad om barnehageplass, bålbrenning eller SFO. Du finn kommunen sine skjema i søknadssenteret.
  • Du har enkle spørsmål av ikkje sensitiv karakter som vi kan besvare med e-post

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30