TelefonvarslingAukra kommune sender varsel til alle dersom informasjon må ut raskt. Det gjeld både ved planlagte og akutte situasjonar. Korleis kan eg sjekke om eg får varsel? Sjekk din oppføring her Det er både privatpersonar og bedrifter som kan sjekke sin oppføring. Tast inn Aukra kommune og ditt telefonnummer. Hak av for "Jeg er ikke en robot" og trykk på Send PIN-kode. Du vil motta ein PIN-kode via SMS som du må bruke for å logge inn. Du kan no sjekke og oppdatere dine opplysningar, dersom det er nødvendig. Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på som til dømes fritidseigedom, studenbustad eller liknande. Dersom telefonen din er registrert på arbeidsgivar, må du sjølv legge inn denne. Mobil, fasttelefon og hemmeleg nummer Varslinga skjer via SMS til mobiltelefonar og talemelding til fasttelefonar. Registeret fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer. Har du hemmeleg nummer og ønskjer varsling, kan du trygd registrere deg i registeret, som vert halde hemmeleg for alle andre. Korleis finn kommunen mitt telefonnummer? Dataregisteret som vert brukt er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret Nummeropplysning frå alle teleoperatørane Matrikkelen Våre innbyggarar under 16 år ligg ikkje i registeret og mottek heller ikkje varsel. Sist endra 08.03.2022 13.03