Bli støttekontakt

Bli støttekontakt

Som støttekontakt får du lønn av kommunen for å hjelpe eit anna menneske til å få eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid. Mange treng støttekontakt, anten fordi dei ikkje kjem seg ut eller fordi dei treng hjelp til å meistre forskjellige fritidsaktivitetar.

Krav til søkar

Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for brukaren, bør du kunne binde deg over ein lengre periode.

Slik søkjer du om å bli støttekontakt

Fortel litt om deg sjølv:

  • namn
  • alder
  • utdanning
  • arbeidserfaring
  • fritidsinteresser
  • kva brukarar du helst vil jobbe med, for eksempel psykisk utviklingshemma, barn/ungdom, funksjonshemma, menneske frå andre kulturar

Send inn ein open søknad per post eller søk på ledige stillingar. Dersom det ikkje er ledige stillingar som støttekontakt, vil vi ta vare på søknaden din.

Treng du støttekontakt, finn du informasjon om korleis du søkjer her.

Kontaktinformasjon

Støttekontakt under 70 år
Wenche Elin Småge
E-post
Mobil 480 56 646
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00