Aukra kommune

Søk barnehageplass

Søk barnehageplass

Når har barnet rett til barnehageplass?

  • Barnet har rett til plass dersom barnet bur i kommunen, har fylt 1 år innan utgangen av november det året du søkjer plass fra, og har søkt innan fristen for hovedopptaket.
  • Dersom barnet vert 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august.
  • Dersom barnet fyller 1 år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født.
  • Når barnet har fått barnehageplass, har barnet rett på plassen fram til skolestart.

Aukra kommune har eitt hovedopptak i året. Plassar som vert ledige i løpet av året vert fortløpande tildelt til søkjarar som står på venteliste.

Kva kostar ein barnehageplass?

Full plass (100%) 4 dagar i veka (80%) 3 dagar i veka (60%)
kr. 2 910,- Kr. 2 560,- Kr. 1 920,-

Slik søkjer du barnehageplass

Søknadsfrist barnehageplass

Fristen for å søkje hovedopptaket er 1.mars og oppstarten for nytt barnehageår er 15.august.

Du kan søke om barnehageplass heile året, men då får barnet plass når barnehagen har ledig kapasitet. 

Når får du svar på søknaden om barnehageplass

Når søknaden er sendt inn, får du ein e-post om at søknaden er motteke. Svar på søknaden får du i april søknadsåret.

Kontaktinformasjon barnehage

Har du spørsmål om søknad om barnehageplass, kan du ta kontakt med pedagogisk rådgjevar Marianne Bolghaug. 

Klage

Tilbod om barnehageplass eller avslag på barnehageplass er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Klage på enkeltvedtak

Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.

Kontaktinformasjon

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Telefon 71 17 15 30

Opningstider

Barnehagen er open frå kl. 07.00 til 16.30

Fann du det du leita etter?