Endring av tilbod eller oppseiing av barnehageplass Søke om endring av barnehagetilbod Søke om endring av barnehagetilbod Har du allereie barnehageplass, men ønskjer å endre til eit anna tilbod, kan du søke om det. Slik søkjer du om endra tilbod om barnehageplass Fyll ut søknadsskjemaet om barnehageplass. Du må velje kva tilbod du søker på Søknaden vert sendt elektronisk til Aukra kommune. Du kan søkje om endring av tilbod gjennom heile barnehageåret. Oppseiing av barnehageplass Oppseiing av barnehageplassen Oppseiing av plass skal sendast skriftleg til styrar 1 månad før barnet skal slutte. Slik seier du opp barnehageplassen Fyll ut søknadsskjemaet om oppseiing av barnehageplass. Du brukar same søknadsskjema som ved søknad om barnehageplass. Søknaden vert sendt elektronisk til Aukra kommune. Oppseiingstida vert rekna f.o.m. 1. i månaden etter at skriv om oppseiing er datert, og ein månad framover. Barnet har høve til å behalde plassen i oppseiingstida. Ved sluttdato i månadene april, mai og juni, må du betale for plassen resten av barnehageåret. Det vil seie at det er tre månader oppseiingstid etter 1. mars. Sist endra10.01.2019 13.33