Søk barnehageplassFristen for å søkje hovudopptaket er 1.mars og oppstarten for nytt barnehageår er 15.august. Når har barnet rett til barnehageplass? Barnet har rett til plass dersom barnet bur i kommunen, har fylt 1 år innan utgangen av november det året du søkjer plass frå, og har søkt innan fristen for hovudopptaket. Dersom barnet vert 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller 1 år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født. Når barnet har fått barnehageplass, har barnet rett på plassen fram til skolestart. Aukra kommune har eitt hovudopptak i året. Plassar som vert ledige i løpet av året vert fortløpande tildelt til søkjarar som står på venteliste. Venteliste Venteliste Står barnet ditt på venteliste? Ved ledig kapasitet gjennom året, vil ein fortløpande ta inn barn frå ventelista. Barnet må vere fylt 1 år. Dersom det er fleire på venteliste, vert det prioritert etter følgjande: Barn med spesielle behov der barnehageplass er tilrådd av fagleg instans som t.d PPT, lege eller helsesøster. 5-åringar som ikkje har gått i barnehage før. Barn frå familiar der begge foreldra / einsleg forsørgjar er i arbeid / under utdanning. Stiller barna elles likt, skal den som har søkt først, ha fortrinn. Kva kostar ein barnehageplass? Foreldrebetaling barnehage Full plass (100%) 4 dagar i veka (80%) 3 dagar i veka (60%) kr 3 230,- kr 2 584,- kr 1 938,- Slik søkjer du barnehageplass Logg inn på Visma Barnehage og fyll ut søknadsskjemaet om barnehageplass. Du logger deg på med ID-porten. Du må velje kva tilbod du søker på Søknaden vert sendt elektronisk til Aukra kommune. Du kan søkje om barnehageplass maksimal eitt år før ønskt oppstartsdato. Søknadsfrist barnehageplass Fristen for å søkje hovudopptaket er 1.mars og oppstarten for nytt barnehageår er 15.august. Du kan søkje om barnehageplass heile året, men då får barnet plass når barnehagen har ledig kapasitet. Du kan søkje om barnehageplass maksimal eitt år før ønskt oppstartsdato. Når får du svar på søknaden om barnehageplass Når søknaden er sendt inn, får du ein e-post om at søknaden er motteke. Vedtak om barnehageplass kjem til deg i Visma. Du må logge inn på same måten som når du har søkt om plassen. Du må svare i Visma om du tek i mot plassen. Svar på søknaden får du i mars/april i søknadsåret. Kontaktinformasjon barnehage Har du spørsmål om søknad om barnehageplass, kan du ta kontakt med pedagogisk rådgjevar Marianne Bolghaug. Klage Tilbod om barnehageplass eller avslag på barnehageplass er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klage på enkeltvedtak Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra eller til post@aukra.kommune.no Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap. Sist endra25.11.2020 09.40