Organisering og pedagogisk plattform

Bergetippen barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage, som ligg i Julsundet på fastlandsdelen av Aukra kommune. 

Organisering

Bergetippen barnehage har fem avdelingar og ei utegruppe, der

  • tre avdelingar er for barn frå 0-3 år,
  • to avdelingar er for barn frå 2-4 år og
  • utegruppa er for barna som skal starte på skolen

Satsingsområda våre

Bergetippen sine satsingsområde er språk - kultur - friluftsliv.

Over fleire år har vi utvikla eit språkprosjekt  - Troll med ord. Prosjektet er ei ramme for arbeid med språk og ord der barn og vaksne skal bli meir medvitne om korleis ein brukar språket.

I fjellet Bergetippen bur det to ordtroll: Stein og Symre. Trolla samlar på ord, og orda kan dei gøyme i barnehagen slik at barna skal leite og finne orda. Det kan vere nye ord, gamle ord, fine ord, ord frå andre land, rare ord, ord om alt mogleg. Orda er ofte knytt til det barna er opptatt av. Stein og Symre får nemleg med seg kva som skjer i barnehagen, for dei har ein blåbær-knapp bak øyra sine. Når dei trykkar på knappen høyrar dei kva barna snakkar om. Barna kan også skrive brev til Stein og Symre, og dei får svar tilbake.

Nærmiljø

Barnehagen ligg i eit flott område i Julsundet. Vi har fått namnet vårt etter Bergetippenfjellet som ligg rett bak barnehagen. Ein viktig del av det pedagogiske arbeidet er basert på aktivt friluftsliv. Vi er mykje ute og vi brukar ofte det flotte nærområdet. Det er kort veg til sjøen, Nøtteskogen, Astridhaugen, Bergetippenfjellet osb.

Innanfor gjerdet vårt har vi eit veldig variert leikeområde, der øvste del er eit fantastisk område med skog og berg. Elles har vi fleire sandkasser, disser, ferge og andre leikeapparat. I tillegg har vi grillhytte, snekkarbod, fotballbane, akebakke, plener og asfaltert område. På tunet har vi epletre, bærbuskar og potetåker. Dei aller yngste barna har vore på langtur når dei har gått ein tur oppi skogen innanfor gjerdet.

På andre sida av gjerdet har vi Julsundet skole, så det ligg fint til rette for å bli kjent med skolen lenge før barna skal starte der.

Pedagogisk plattform

I Bergetippen barnehage vil vi at alle barna våre skal verte møtt som eit unikt menneske med eigne meiningar. Kvart barn har krav på respekt og likeverd. Barnet sjølv er aktiv medskapar i sosiale samanhengar. Dermed er det med og skaper læring og utvikling for seg sjølv og andre. Korleis barnet opplever møte med andre, vil verke inn på barnet sitt syn på seg sjølv. Vi vaksne møter barnet på ein måte som formidlar respekt og tillit. Vi vil skape miljø som tek vare på forskartrongen og nysgjerrigheita til barnet. Vi vaksne er «forskarassistentar».

Hausten 2018 starta vi på «vegen» til å bli ein Reggio Emilia inspirert barnehage. Den grunnleggjande filosofien er at barn lærer gjennom å konstruere sin eigen kunnskap i samhandling med andre barn, omgjevnadane og kompetente, nysgjerrige vaksne.

I arbeidet med å skape gode relasjonar til kvart enkelt barn, brukar vi "Tryggleikssirkelen" (COS - Circle of Security) som utgangspunkt. "Tryggleikssirkelen" synleggjer to grunnleggjande behov hos barnet: behovet for tilknyting og behovet for utforsking.

Velkomne til oss! 

Opningstider

Barnehagane i Aukra

Måndag til fredag kl. 07.00 til 16.30

Adresse

Besøksadresse Bergetippen barnehage

Vollskaret 4

6409 Molde

Postadresse Bergetippen barnehage

Nyjordvegen 12

6480 Aukra