Mat på Barnebo barnehagen

Vi oppmodar til sunne matpakkar, utan sjokoladepålegg, kjeks og søte saker.

Måltida i barnehagen

  • Kl. 07.00 Frukost (graut frå kl. 08.00)
  • Kl. 11.00 Lunsj
  • Kl. 14.00 Ettermiddagsmat

Kostpengar

Kvar månad betalar de 300 kr i kostpengar.

Kva mat vert tilbydd på barnehagen?

Barnebo barnehage har kokk i 100% stilling.

Kokken sørger for sunn, god og variert mat til alle måltid i barnehagen. Han har også kunnskap om å lage mat til barn som har matallergi og anna form for intoleranse til mat. Kosthaldet i tidleg alder påverkar barnets helse fysisk og psykisk og er svært viktig for barnets utvikling.

Avdelingane på Furutun

  • Det er havregraut til frukost.
  • Det blir servert lunsj kvar dag med varm lunsj tysdag og torsdag.
  • Det blir servert frukt til ettermiddagsmat. Skal barnet ditt spise noko i tillegg, må du lage matpakke til ettermiddagsmaten.

Avdelingane på Aukratun

  • Det er havregraut til frukost.
  • Det blir servert lunsj kvar dag med varm lunsj måndag, onsdag og fredag.
  • Det blir servert frukt til ettermiddagsmat. Skal barnet ditt spise noko i tillegg, må du lage matpakke til ettermiddagsmaten.

Rammeplan for barnehagen

Barnehagen skal bidra til at barna

  • får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • kan tileigne seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile
  • opplever at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle os barna

Kontakt

Sissel Oliv Garseth
Styrar Barnebo barnehage
E-post
Mobil 94 88 43 17
Hanne Margrethe Sporsem Skarshaug
Assisterande styrar
E-post
Mobil 94 88 23 87

Opningstider

Barnehagane i Aukra

Måndag til fredag kl. 07.00 til 16.30

Adresse

Besøksadresse Furutun

Hjertvikvegen 10

6480 Aukra

Besøksadresse Aukratun

Hjertvikvegen 2

6480 Aukra

Postadresse Barnebo barnehage

Aukra kommune

Nyjordvegen 12

6480 Aukra