Aukra kommune

Hytterenovasjon

Hytterenovasjon

Alle hytter i RIR-kommunane pliktar å ha ei renovasjonsordning.

Som hytteeigar kan du velje mellom to ulike abonnement:

1. Hyttecontainer

Dersom du bruker hytta lite og har lita søppelmengd, er dette eit greitt alternativ. Du kastar avfallet i samlecontainerar som står plassert sentralt i dei fleste hytteområde. Vel du dette alternativet slepp du å tenkje på hentedagen.

Type abonnement Pris
For levering til samlebehaldar for hytterenovasjon : ca 30 % av gebyrsats (1) Kr 706,-

2. Fullt abonnement med kjeldesortering

Dersom du bruker hytta mykje eller ønskjer å kjeldesortere, vêl du dette abonnementet. Det kostar noko meir enn alternativ 1. Du får då utlevert same utstyr som vanlege hushald med standardabonnement og avfallet blir henta etter same frekvens som hushalda.

Type abonnement Pris
Standardabonnement (1) kr 2.703,-

Kva dekkjer abonnementa?

Desse abonnementa dekkjer vanleg hushaldsavfall frå hyttelivet.

Farleg avfall, elektriske artiklar og grovavfall frå byggjearbeidar, kjellarrydjing eller anna søppel som ikkje kan kastast i behaldarane, blir levert til blir gjenvinningsstasjon i den einskilde kommunen. Det same gjeld hageavfall.

Kontaktinformasjon

Rita Eikebø
Bygn./renovasjon/vaktm.
E-post
Telefon 71 17 15 50
Mobil 990 90 492
Fann du det du leita etter?