HytterenovasjonAlle hytter i RIR-kommunane pliktar å ha ei renovasjonsordning. Som hytteeigar kan du velje mellom to ulike abonnement: 1. Hyttecontainer Dersom du bruker hytta lite og har lita søppelmengd, er dette eit greitt alternativ. Du kastar avfallet i samlecontainerar som står plassert sentralt i dei fleste hytteområde. Vel du dette alternativet slepp du å tenkje på hentedagen. Prisen for dette alternativet finn du i tabellen nedanfor under "Fastgebyr hytter". Her finn du informasjon om returpunkt og plassering av hyttecontainerar 2. Fullt abonnement med kjeldesortering (standardabonnement) Dersom du bruker hytta mykje eller ønskjer å kjeldesortere, vêl du dette abonnementet. Det kostar noko meir enn alternativ 1. Du får då utlevert same utstyr som vanlege hushald med standardabonnement og avfallet blir henta etter same frekvens som hushalda. Kva kostar det? Standardabonnement Varenr. Type abonnement Gebyr 2021 inkl. moms Standardabonnement 4 605,- 560 Fastgebyr renovasjon, pr boenhet 2 460,- 562 Fastgebyr renovasjon, hybel(dersom deler dunker med hovedenhet) 1 205,- 561 Fastgebyr Hytter 1 430,- Kva dekkjer abonnementa? Desse abonnementa dekkjer vanleg hushaldsavfall frå hyttelivet. Farleg avfall, elektriske artiklar og grovavfall frå byggjearbeidar, kjellarrydjing eller anna søppel som ikkje kan kastast i behaldarane, må du levere til gjenvinningsstasjon. Det same gjeld hageavfall. Gjenvinningsstasjon i Aukra kommune Sist endra14.01.2021 10.00