Heimekompostering

Heimekompostering

Du kan signere ein avtale om heimekompostering med oss. Avtalen gjev deg redusert renovasjonsavgift og eit starttilskot på kr 300,-.

Korleis signere avtalen?

Du må fylle ut og sende inn skjemaet Avtale om heimekompostering. Skjemaet er elektronisk og du må logge inn med ID-porten for å identifisere deg.

Send inn avtale om heimekompostering

Krav til kompostbinge

  • Kompostbingen må vere isolert. Isolasjonen skal vere fast og minst 5 cm tykk.
  • Bingen skal vere tett, lokk og bunn skal vere rotte- og fuglesikker.
  • Innsida skal vere hard og glatt, slik at ho tåler omrøring og gjer det vanskeleg for insekt å legge egg.
  • Komposteringa må skje heile året. Du må kompostere alt organisk avfall frå hushaldninga som er eigna til kompostering. Alternativt kan du bruke det til dyrefôr. (Renovatøren kan ta stikkprøver av restavfallsdunken - avtalen vil da bli annullert.)
  • Du må dekke over avfall som kan gje lukt for å unngå lukt så langt det er muleg. 
  • Du må plassere kompostbingen slik at den ikkje er til sjenanse for naboar eller forbipasserande
  • Bokashi er tillatt for kompostering av matavfall
  • For abonnentar med gårdsbruk krevst det heilårsdrift med husdyr og aktiv gjødselkjellar

Redusert betaling og starttilskot

Når du startar med heimekompostering slepp du å betale for henting av bioavfall. I tillegg får du eit starttilskot på kr 300,- som vert trekt frå første faktura etter at avtalen er inngått.

Matavfallsdunken vert henta inn av RIR.

Meir informasjon om renovasjonsavgift

Oppseiing av avtalen

Begge partar kan seie opp avtalen. Oppseiinga gjeld frå påfølgjande manad.

Kontaktinformasjon

Rita Eikebø
Bygn./renovasjon/vaktm.
E-post
Telefon 990 90 492
Mobil 990 90 492
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30

Adresse

Aukra kommunehus
Nyjordvegen 12
6480 Aukra