Meld inn eit arrangement

Meld inn eit arrangement

Melding om arrangement må vere motteke av brannvesenet to veker før arrangementet skal finne stad.

Søknadsskjema

Fyll ut elektronisk søknadsskjema "Melding om arrangement til Brann- og redningstenesta".

Kven skal søke?

Det er arrangøren si plikt å dokumentere branntryggleiken, og Brann- og eksplosjonsvernloven fastset ei meldeplikt til brannmynde når arrangement skal skje. Den ansvarlege skal i god tid før arrangementet sende melding til brannvesenet, dersom dette skal føregå i ei bygning eller på eit område som normalt ikkje vert brukt til denne type arrangement.

Regelverk

Kravet om melding om arrangement er heimla i brann- og eksplosjonsvernloven § 7.

Vidare set Forskrift om brannforebyggende tiltak (FOBTOT) bestemmingar for korleis verksemda skal handtere unormal eller sterkt varierande risiko.

Rettleiing for tryggleik ved store arrangement (DSB)
Ved vurdering av tryggleiken til arrangement vil brannvesenet leggje til grunn "Rettleiar for tryggleik ved store arrangement", utarbeida av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Rettleiaren frå DSB gjev innføring i dokumentasjon av tryggleiken ved arrangement. Hovudmoment i samband med melding om arrangement er:

  • Tidspunkt og tema for arrangement, storleik, kvar det skal vere osv.
  • Risikoanalyse med kartlegging av kva som kan gå galt, korleis ein skal unngå at det skjer og kva tiltak som er planlagt for å redusere konsekvensane dersom noko galt skjer.
  • Beskriving av bygninga/området si utforming og tilhørande installasjonar eller utstyr, slik som alarm- og lydanlegg, slokkeutstyr og rømmingsskilt/lys.
  • Beskriving av innreiinga og utstyret si brennbarheit, brannfarleg verksemd, samt bygningskonstruksjonane sin brannmotstand og evne til å motstå samanstyrtning.
  • Beskriving av rømmingsvegar (plassering, tal på tilkomstar, breidde osv) sett i høve til berekna tal på personar og tilgjengeleg rømmingstid. Tal på personar bør eventuelt setjast etter særskilt analyse av kvalifisert brannrådgjevar.
  • Bruk av brannfarleg vare, herunder propan.
  • Prosedyre for evakuering.
  • Oversikt over personar som har ansvar for tryggleiken - tal, rutine og ansvar, gjennomført opplæring/øving osv.
  • Tilrettelegging for redningspersonalet sin tilkomst

Kontroll

Brannvesenet kan gjennomføre kontroll før eller under arrangement dersom det er naudsynt.

Lovpresedens

Brann- og eksplosjonsvernloven

Kontaktinformasjon

Brannmeister
Kjetil Ilestad
E-post
Telefon 470 24 780
Fann du det du leita etter?