Sal, oppbevaring og avbrenning av fyrverkeri og pyroteknisk vare

Sal, oppbevaring og avbrenning av fyrverkeri og pyroteknisk vare

Å søke om løyve

  • For å kunne selje og oppbevare pyroteknisk vare, må ein søkje om løyve til dette før salssesongen kvart år.
  • Søknadsskjema finn du øvst på denne sida.
  • Kursbevis for gjennomført forhandlarkurs, skal leggjast ved søknaden. Sjå punkt om forhandlarkurs lenger ned i artikkelen.
  • Søknadsfrist for slikt sal er 1. mai.

Salsperiode

Ordinær salsperiode for fyrverkeri er i tidsrommet 27. til og med 31. desember.

Kven kan få løyve om å selje fyrverkeri?

  • Løyve kan bli innvilga til forhandlarar som har fast stad for utsal. Salet skal føregå over disk.
  • Slik løyve vert gjeve etter vurdering av kvart einskild tilfelle.

Søknad utover ordinær salsperiode

Skal du kjøpe fyrverkeri utover ordinær salsperiode, må du sende søknad til politiet. Dei sendar den vidare til brannvesenet for endeleg godkjenning, dersom avbrenning/oppskyting av fyrverkeri er tenkt nytta til anna formål enn ordinær nyttårsfeiring.

Etter søknad frå kjøpar, kan brannsjefen ut frå ein brannteknisk vurdering av m.a. aktuell bruksstad og årstid, gje særskilt løyve til å kjøpe fyrverkeri utanom ordinær salsperiode.

Forhandlarkurs

For å kunne selje og oppbevare pyroteknisk vare, er det eit krav til forhandlarkurs i regi av Norsk brannvernforening. Kursbevis skal ligge ved søknaden.
 

Kontaktinformasjon

Brannmeister
Kjetil Ilestad
E-post
Telefon 470 24 780