Bålbrenning og bruk av eld i skog og mark

Bålbrenning og bruk av eld i skog og mark

I tidsrommet 15. april  - 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark, utan særskilt løyve. Du må også søkje om å få brenne bål på St.Hansaftan. 

Visst du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ein generell plikt til å vise varsemd for å unngå brann. Brott på plikta om varsemd kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.

Lokalt forbod mot open brenning

I Aukra kommune er det innført ei lokal forskrift som skal hindre forureining og helseproblem gjennom forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar. Det inneber mellom anna forbod mot brenning av hageavfall. For avhending av avfall viser ein til Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonselskap (RIR). Hageavfall kan ein levere avgiftsfritt hos RIR.

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar for Aukra kommune. (PDF, 27 kB)

Unntak frå forbod

I forsvarleg avstand frå skog og mark kan det gjennomførast open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål utan særskild løyve frå brann- og redningstenesta. Ranke- og flatebrenning i skogbruket og halmbrenning i jordbruket er tillate. Ein skal sende melding til brann- og redningsteneste i god tid før slik brenning. Det er eit krav at det er ein ansvarleg leiar som utarbeider planar for brenninga. Han skal og sjå til at brenninga vert gjennomført på ein forsvarleg måte.

Brenning av hageavfall

Det er lov å brenne hageavfall som gras og kvist. Hugs at alle bål skal vere sløkte før det blir mørkt. Dersom det er veldig tørt kan det bli totalforbod. Forbod mot brenning av hageavfall blir annonsert i lokalavisa og på kommunen sine nettsider.

Brenning av anna avfall

Brenning av avfall er forbode heile året. Med avfall meinast gjenstandar eller stoffar som for eksempel bygningsavfall, restavfall, impregnert avfallstreverk, vått hageavfall og produksjonsavfall. Brenning av avfall er forbode heile året. 

Søknad om løyve til bålbrenning

  • Etter søknad til brann- og redningstenesta kan dei gje løyve til bålbrenning eller bålarrangement.
  • Alle bålplassar for Sankthansbål og tilsvarande bålarrangement, skal meldast til brannsjefen. Det vert ikkje gjeve løyve til avfallsbrenning. Bål av reint avfallstreverk (ikkje impregnert) kan ein tillate.
  • Oppgjort eld må ikkje bli forlaten før den er fullstendig sløkt.

Slik søkjer du

Send søknad om bruk av eld utandørs til Molde brann og redning.

Kontaktinformasjon

Brannmeister
Kjetil Ilestad
E-post
Telefon 470 24 780
Fann du det du leita etter?