Valdagen - rådgivande folkerøysting om skriftleg hovudmål i grunnskolen

Valdagen - rådgivande folkerøysting om skriftleg hovudmål i grunnskolen

Valdagen for rådgjevande folkerøysting er måndag 18. november kl. 12.00 - 20.00. 

På valdagen er stemmelokalet i gymsalen på Julsundet skole. 

Legitimasjon

Hugs legitimasjon når du skal stemme!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Dette er fordi det skal vere mogeleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogeleg å stadfeste dette, får du heller ikkje stemme. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme.

Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at den inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete.

Det vert ikkje sendt ut valkort til folkerøystinga.

Kontaktinformasjon

Valstyret i Aukra kommune
Telefon 71 17 15 00

Adresse

Julsundet skole
Skolebakken 7
6409 Molde

Kart