Kven har stemmerett?

Kven har stemmerett?

Rådgjevande folkerøysting om skriftleg hovudmål i grunnskolen.

Alle som bur i Julsundet stemmekrins har stemmerett, så lenge du fyller desse krava:

  • Du må vere folkeregistrert som busett i det området som soknar til skolen etter opplæringslova § 8-1 per 30. september 2019 og ha fylt 18 år innan utgangen av valåret. 
  • Norske og andre nordiske statsborgarar som er folkeregistrerte som busette i Julsundet krins pr. 30.09.19, og har fylt 18 år innan utgangen av året.
  • Andre utanlandske statsborgarar som har vore registrert som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen, er folkeregistrerte som busett i Julsundet krins pr. 30.09.19,og har fylt 18 år innan utgangen av året.
  • Du kan ikkje ha mista stemmeretten etter Grunnloven § 53

I tillegg har enkelte stemmerett etter opplæringslova med forskrift:

Stemmerett har òg foreldre/føresette til barn på barnetrinnet (1.-7. trinn) ved skolen utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Krav om å kome med som røystefør forelder/føresette må vere levert eller framsett for kommunen seinast tre veker etter den første kunngjeringa om røysting, jf. Forskrift til Opplæringslova § 9-2.

De som som har stemmerett etter opplæringslova med forskrift, vil få tilsendt eit brev i løpet av veke 43 om korleis de kan stemme. 

Ta kontakt med valstyret i Aukra kommune for meir informasjon.

Kontaktinformasjon

Valstyret i Aukra kommune
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30