Førehandsstemming - rådgjevande folkerøysting om målform ved Julsundet skole

Førehandsstemming - rådgjevande folkerøysting om målform ved Julsundet skole

Du kan førehandsstemme i perioden 4. november til 15. november. 

Stad Dato Kl.slett
Kommunehuset Kvardagar 04.11.19-15.11.19 08.30-15.30
Julsundet skole (biblioteket) Tysdag 05.11.19 14.00-19.00
Julsundet skole (biblioteket) Tysdag 12.11.19 14.00-19.00

Legitimasjon

Hugs legitimasjon når du skal stemme!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Dette er fordi det skal vere mogeleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogeleg å stadfeste dette, får du heller ikkje stemme. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme.

Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at den inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete.

Det vert ikkje sendt ut valkort til folkerøystinga.

 

Kontaktinformasjon

Valstyret i Aukra kommune
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30