Fakta om den rådgjevande folkerøystinga

Fakta om den rådgjevande folkerøystinga

Dette er ei rådgjevande folkerøysting. Det er kommunestyret som fattar avgjerd om Julsundet krins skal ha nynorsk eller bokmål som målform. Det blir avgjort i kommunestyret sitt møte den 17.12.2019.

Dersom det blir endring til bokmål, vil elevar som har hatt nynorsk på 1. – 4. trinn ha rett til halde på den målforma ut barnesteget. På ungdomssteget vel eleven sjølv skriftleg hovudmålform.

Dersom det blir endring til bokmål, skal elevar som ikkje er omfatta av punktet over ha bokmål som målform.

Regelen om at dersom 10 elevar vil ha anna målform enn det kommunen har valt, vil gjelde vidare. Dvs. at om målform blir endra til bokmål, vil dei som ønskjer nynorsk måtte setje fram ønskje om dette. Dersom det  er minst 10 som ønskjer anna målform enn kommunen si valte, så skal dei få det utan omsyn til kor mange elevar som er att i den opphavelege elevgruppa.

Dersom kommunestyret vedtek at det framleis skal vere nynorsk i Julsundet krins blir det ingen endringar frå dagens praksis.

Dersom det er spørsmål, kan du ta kontakt med kommunalsjef drift Jan Erik Hovdenak. 

Kontaktinformasjon

Jan Erik Hovdenak
Kommunalsjef drift og forvaltning
E-post
Telefon 71 17 15 17
Mobil 924 14 627