Satsar for møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste 2023-2027

Forskrifta omfattar medlemmer i folkevalde organ og andre politisk valde representantar i ulike råd og utval. Forskrifta omfattar også kommunalt tilsette som møter ut frå partsforhold som er heimla i lover eller avtalar.

Godtgjersle til ordførar og varaordførar

  • Ordførar har godtgjersle lik 10 G. 
  • Varaordførar har godgjersle lik 12% av ordførar si godtgjersle.
  • Satsane til ordførar og varaordførar blir justert i samband med endring av grunnbeløpet. 
  • Satsane til råd og utval blir ikkje justert i kommunestyreperioden. 

Møtegodtgjersle for gruppe A og gruppe B

Folkevalde som er valt inn som kommunens representant i andre organ som ikkje er nemnd nedanfor eller i forskrifta, får utbetalt møtegodtgjersle etter satsane definert i gruppe B dersom organet sjølv ikkje utbetalar godtgjersle. 

Fast årleg godtgjersle

Fast årleg godtgjersle
Utval Rolle Beløp
Formannskapet Medlemmar 20 000
Utval for helse, oppvekst og kultur Leiar 20 000
Utval for teknisk, miljø og næring Leiar 20 000
Kontrollutvalet Leiar 20 000
Klagenemnd for eigedomsskatt Leiar 20 000
Sakkundig nemnd for eigedomsskatt Leiar 20 000

Ordførar og varaordførar får ikkje utbetalt fast årleg godtgjersle. 

Tapt arbeidsforteneste

Tapt arbeidsforteneste
Forklaring Maks utbetalt per møte for kommune-styreperioden 2023-2027
Ulegitimert tapt arbeidsforteneste per møte 1 779
Legitimert tapt arbeidsforteneste per møte 4 152
Representantar som er utan vanleg lønsinntekt 593

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Mobil 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30