Reiserekning, utlegg og tapt arbeidsfortenestePolitikarar i Aukra skal bruke kommunen sitt elektroniske system for å krevje dekt utlegg for reiser, andre utlegg og tapt arbeidsforteneste.Korleis kan eg sende inn krav om dekking utlegg til reise, andre utlegg eller tapt arbeidsforteneste?For å sende inn krav må du logge på MinSide og du må ha ein brukar i Visma. Les i brukarmanualen korleis du må logge på og korleis du går fram når du skal legge inn eit krav.Brukarmanual (PDF, 998 kB)Logg på MinSideKva må eg leggje ved?Vedlegg ved krav om dekking av tapt arbeidsfortenesteSkjema for tapt arbeidsforteneste, signert av leiar (PDF, 31 kB)Sjølvstendig næringsdrivande må levere likningsattest, i tillegg til skjemaet for tapt arbeidsforteneste for næringsdrivande (PDF, 31 kB)Hugs at du må sende inn kravet elektronisk. Skjemaa er kun vedlegg til sjølve kravet.Vedlegg ved krav om dekking av reiserekning og andre utleggMøteinnkalling ved aktivitet utover politiske møte i kommunal regiKvitteringar for alle utgifterHugs at du må sende inn kravet elektronisk.Sjå elles Aukra kommune si forskrift om folkevalde sin rett til godtgjering og velferdsgode.Når må eg sende inn krava?Du må sende inn dine krav så snart som mogleg og seinast innan ein månad etter at kravet oppstod.Frist for innlevering er innan den 20. i kvar månad.Har du spørsmål?Dersom du har spørsmål om systemet, kan du ta kontakt med løn. Ved andre spørsmål, kan du ta kontakt med politisk sekretariat. Publisert 18.08.2022 14.51 Sist endra 24.05.2024 13.47