Om politikarportalen og møteinnkallingarPolitikarportal for folkevaldeAukra kommune bruker digital votering i kommunstyret, formannskapet og hovudutvala. Representantane kan enkelt votere i saker via politikarportalen. Det er også mogleg å sende inn forslag via politikarportalen.Hurtigopplæring digital votering og innsending av forslag i politikarportalenBrukarmanual for politikarportalen (PDF, 2 MB)Lenke til påloggingsida for politikarportalen Om oppbygging av møteinnkallingar Kor finn eg møtemateriale til politiske møte? Du finn alt møtemateriale på Aukra kommune si heimeside, under “Politikk og administrasjon”.På heimesida kan ein også sjå opptak av kommunestyremøte på nett-tv. Her er eit eksempel på bildet som kjem opp når ein klikkar seg på kommunestyret – kommunestyret (15.10.2020): Når vert det lagt ut informasjon om møte? Innkallingar til politiske møte skal i følgje kommunelova § 11-3 sendast ut til medlemmane med “rimeleg varsel”. Medlemmar og varamedlemmar vert varsla på e-post om at innkallinga er publisert på heimesida. Dette vert vanlegvis gjort 6 eller 7 dagar før møtet. Møteprotokollen vert publisert på heimesida dagen etter møtet, når den er godkjend av møteleiar (+2 i kommunestyret) Medlemmar og varamedlemmar vert varsla på e-post om at protokollen er publisert. Korleis er politiske møteinnkallingar bygd opp? Den politiske behandlingsprosessen går ofte gjennom fleire politiske råd og utval før det vert gjort endeleg vedtak. Dei tidlegare behandlingane ligg ved saka som eigne vedlegg. På bilete nedanfor ser du eit eksempel på sak om foreldrebetaling i barnehagar. Øvst ligg den siste behandlinga, altså kommunestyret. (Det vil først kome etter at protokollen er publisert.) Under “andre behandlingar” finn du dei tidlegare behandlingane i kronologisk rekkefølge. Klikkar du på “vedtak”, kjem saksprotokollen fram. I bilete nedanfor ser du ein slik saksprotokoll. Du finn både møtebehandlinga, voteringa og vedtaket som er gjort i det aktuelle organet. Først i saksprotokollen kjem også ein tabell over råd/utval/styre saka skal verte eller har vore behandla i, samt dato og eventuell saksnummer. Sakene er merka med forkortingar før saksnummeret. Kvar sakstype har sin eigen nummerserie. PS for saker til behandling (politiske saker) RS for referatsaker IN for interpellasjonar I bilete nedanfor ser du døme på saksnummer. Rettleiinga som PDF Her kan du laste ned rettleiinga som PDF-dokument.Om oppbygging av møteinnkallingar (PDF, 328 kB) Publisert 18.11.2020 14.50 Sist endra 29.10.2024 13.06