Aukra kommune

Innsyn i saker publisert på postlista

Innsyn i saker publisert på postlista

Innsyn, saksbehandlingstid og klage

Postlista

Postlista inneheld ei oversikt over intern korrespondanse og post sendt til og frå Aukra kommune.

Generelt

Den publiserte journalen viser arkivdelane SAK og GBNR.
Postjournalen inneheld ikkje opplysningar frå fagsystem eller arkivdelane BARN, ELEV, SKATT, PERS

Kommunen sin postjournal blir publisert med ei forseinking på 4 dagar. Offentleg postjournal over alle arkivdelane blir utskriven og gjort tilgjengeleg i ekspedisjonen på kommunehuset.

Utval - Politiske saker til behandling

Publikum får tilgang til møtelan for styre, råd og utval. Der ligg møteinnkallinga og møteprotokoll med tilhøyrande saksframlegg med vedlegg. NB: Komplett møteinnkalling vil ofte vere store dokument som kan vere tunge og laste ned.

Innsyn i saker publisert på postlista

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande registre. Alle saksdokument i kommunen er offentlege om det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan kan unnatakast frå offentlegheita, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør bli gjort kjent, heilt eller delvis, jf. offentleglova § 11.

Større openheit og enklare innsyn i kommunen sine aktiviteter, er ein styrke for lokaldemokratiet. I følgje offentleglova § 28 kan krav om innsyn rettast munnleg så vel som skriftleg til Aukra kommune. Kravet bør likevel vere retta mot ei bestemt sak eller ein spesifikk type saker.

Kven kan du kontakte om innsyn i saker publisert på postlista?

Du kan kontakte Aukra kommune om du har spørsmål om innsyn i saker eller du kan be om innsyn direkte frå det aktuelle dokumentet frå postlista

Saksbehandlingstid

Krav om innsyn vil normalt bli behandla i løpet av 3 arbeidsdagar. Om svar ikkje er motteke i løpet av 5 arbeidsdagar, er dette å rekne som eit avslag som kan klagast på. Klageinstans vil vere Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Avslag/klage

Eit direkte avslag på krav om innsyn vil komme skrifleg og vil vise til aktuell heimel i lov eller forskrift for avslaget, samt opplysning om 3 veker klagefrist, jf. forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare omtalt i offentleglova §§ 31 og 32.

All post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje er omfatta av teieplikt. All post kjem på offentleg postjournal. Det vil seie at du kan finne ditt brev omtalt, sitert eller heilt eller delvis attgjeve i avisa eller på nyheitene.

E-post er ingen trygg sendemåte. Send difor ikkje sensitive opplysningar i e-post. Den kan bli henta av andre før den kjem fram til mottakar, hamne på feil adresse eller anna.

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Fann du det du leita etter?