Valkort og legitimasjon

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten frå sin kommune. Valkortet blir utarbeida på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har stemmerett i.

Ta med valkortet når du skal stemme då det forenklar arbeidet for valfunksjonærane. Har du ikkje mottatt valkortet i posten eller har mista det, kan du altså møte opp i vallokalet likevel for å stemme.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Hugs legitimasjon når du skal stemme!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme. Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at den inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete.

Kontaktinformasjon

Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Telefon 71 17 15 15
Mobil 900 88 578
Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Fann du det du leita etter?